Hopp til innhold

Jamt i kampen om lokal Oskar

Heile 531 personar har så langt røysta på sin favoritt til Q-prisen.

Video nsps_upload_2009_11_16_17_29_25_546.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

På Sandane vonar dei å bli fylket sitt svar på Hollywood.

Måndag kveld sparka medieelevane på Firda vidaregåande skule i gang årets filmfestival på Sandane . Fram til torsdag kan du røyste på den lokalproduserte kortfilmen som du meiner fortener den lokale Oskarstatuetten, Q-prisen.

Prisen blir delt ut førstkommande fredag, under ei direktesendt prisutdeling på NRK sitt Nett-TV.

Skil 50 røyster

I kampen om den gjeve publikusmprisen, har sju kortfilmar så langt fått tilsaman 531 røyster. Det skil 50 røyster mellom dei to mest populære.

NRK vil ikkje røpe kva filmar som ligg best an, men vi kan røpe at måndag kveld hadde den mest populære filmen fått 186 røyster. Neste på lista hadde 137 røyster, medan 79 røyster gjekk til den tredje mest populære. Men, mykje kan skje dei neste dagane.