Sagaen om trehotellet i enden av Fjærlandsfjorden ser ikkje ut til å ha nokon ende. Investor Ola Moe kjøpte det kriseråka hotellet frå Rolf Wikborg for snart eitt år sidan. Då hadde Wikborg prøvd å drive Mundal og fleire andre hotell sidan 2008, utan å lukkast.
Etter kort tid presenterte han sogndølen Idar Kvam og Claire Giroux frå Canada som dei nye hotellvertane. Men no i romjula la Moe ut ei annonse på finn.no der han søkjer etter nye drivarar av hotellet.
- Les også:
- Les også:
Får ikkje halde fram
– Vidare drift av hotellet med eksisterande drivarar vil ikkje bli vidareført utan eg ønskjer å gå nærare inn på årsakene til det i media. Vi takkar Idar og Carrie for innsatsen i oppstartsåret. Kjøkendrifta med Espen Gryt har vore vellukka og vil bli vidareført, seier Moe til NRK.
Noko meir om årsaka til at dei avsluttar kontrakten med Kvam og Giroux vil ikkje Moe gå inn på, men han slår fast at det første driftsåret har vore bra.
– Vi er godt nøgde med 2015 og med at bookinga ved Hotel Mundal har gått over all forventning. Justert for ekstraordinære oppstartskostnader, gjekk drifta i pluss. Det har vore gode tilbakemeldingar frå gjester på service, mat og hotell, seier Moe.
– Bra booking for 2016
Gjennom verksemda Pure Hotels og Roomexpress AS eig han hotell fleire stader i landet, og slår fast at satsinga på ærverdige Hotel Mundal vil halde fram.
– Booking og interesse for 2016 ser særs bra ut. Vi jobbar også med oppussing av rom som vil gje ytterlegare interesse for staden, seier Moe.
Satsinga hans i Sogn, held også fram med eigarskap i Nigardsbreen Gjesteheim og Tørvis Hotel.
NRK har gjort fleire forsøk på få ein kommentar frå Idar Kvam, men vi har førebels ikkje lukkast med det.