Hopp til innhold

Hotellet har vore ope sidan 1891 - men i år kjem dei ikkje til å opne...

Hotel Mundal har husa både kongar, dronningar og visepresidentar sidan hotellet opna dørene i 1891. Ser ein vekk frå verdskrigane, er det første gong at hotellet er stengt.

Mundal hotell

VENTAR: Eigar av Hotel Mundal, Rolf Wikborg, meiner det er til det beste å vente med opninga av hotellet til neste år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det ser ikkje ut til at vi kjem til å opne. Vi har slite økonomisk og følgjene av det er at vi har bestemt oss at vi ikkje klarar å opne på ei god stund endå. Sesongen er kommen så langt at det er betre, både for kundane og oss, at vi ikkje opnar denne sesongen, seier eigar Rolf Wikborg.

Hotellet vart bygd i 1891, og er teikna av den kjende arkitekten Peter Andreas Blix, som mellom anna er kjend for å ha redda og restaurert Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje i Vik.

Har pussa opp i fem år

Hotellet er bygd i sveitserstil og har eit lettkjenneleg verandabygg i eine hjørnet, pryda med eit kjegleforma takspir.

Rolf Wikborg/Travel Property Holding AS kom inn i hotellet i 2008 då han kjøpte 50 prosent av aksjane i hotellet. Seinare vart Wikborg eineeigar av hotellet.

Han fortel at dei tapte 750.000 kroner på den korte sesongen i fjor.

– Det gjorde at vi slit. Og det har vi i grunn gjort i lang tid. Men vi har redusert gjelda og vi har pussa opp. Det kjem vi til å halde fram med. Mundal er vanskeleg å drive, seier Wikborg.

Rolf Wikborg

OPTIMIST: Rolf Wikborg har framleis tru på at Hotel Mundal skal verte drivverdig.

Foto: Jan Inge Fardal / Sogn Avis

Sett vekk frå verdskrigane, er det første gang på 123 år det ærverdige hotellet inst i Fjærlandsfjorden vil vere stengt om sumaren.

– Vi klarte rett og slett ikkje å få på plass alt til denne sesongen, seier Wikborg.

Vart for mange utfordringar

Wikborg hadde store visjonar då han i 2008 tok over fleire historiske trehotell i Sogn og Fjordane gjennom selskapet Mountain Fjords. Men satsinga har enda med store økonomiske problem.

– Vi hadde i grunn alt klart til å opne i år, men så vart det rett og slett for mange utfordringar som vi ikkje klarte å handtere i tide. Då er det betre at vi kjem sterkare tilbake neste år, seier Wikborg.

I Fjærland er både turisme og tradisjon svært viktig. Bokbyen, boknatt, brevasshytta og Norsk Bremuseum er berre nokre av dei som lever av turisme.

– Eg ser optimistisk på situasjonen. Hotell Mundal er eit klenodium som er heilt unikt. Vi har pussa opp i fem år, og det ser veldig flott ut. Men det er framleis meir pengar som må inn, seier Wikborg.

Han legg til at det er vanskeleg å halde det oppe når ein tapar 750.000 kroner på drift.

– Når vi også møter litt motstand med forskjellige variablar som vi er avhengige av for å opne, så klarar vi det rett og slett ikkje, seier Wikborg.

Vil påverke resten av turistdrifta

– Det er vanskeleg å forsikre gamle trehotell, trass i sprinkelanlegg og moderne brannvarslingsanlegg, samt at bankane er vanskelege. Når ein tapar pengar vert folk skeptiske, og då stoppar det der, seier Wikborg.

Direktør i bremuseet, John Brekke, tykkjer nyheita om at hotellet kjem til å bli verande stengt i sommar, er trist.

– Det er veldig trist. Det er ein lang tradisjon som vert broten med dette. Vi får berre håpe at dei klarar å opne det att så raskt som råd, seier Brekke.

Men han er klar på at det får konsekvensar.

– Dette vil påverke både Bokbyen og andre attraksjonar. Vi vil nok få litt færre gjestar som følgje av dette. I tillegg har det noko med stoltheit og identitet å gjere, seier Brekke.

  • LES OGSÅ:

Trur på ei god historie til slutt

Til trass for fleire år med økonomiske problem, svarar eigar Wikborg dette på spørsmålet om han trur nedturen vil fortsetje.

Wikborg peikar på at ein del andre overnattingstilbod er opne i Fjærland, noko som hjelper noko for dei reisande.

– Det er klart Hotel Mundal er sentralt i Fjærland, men vi må vente til neste år. Vi har lite gjeld og vi har mykje eigenkapital, men det er vanskeleg å drive hotell i Norge, seier Wikborg.

Han understrekar likevel at Hotel Mundal er såpass spesielt at han har tru på at det skal gå på sikt.

Han legg til at det er ei samansett problemstilling som ligg bak avgjerda om ikkje å opne hotellet.

– Vi må gjere ein del tiltak for å få eit berekraftig selskap, og det er det vi gjer no. Vi har under tre millionar i gjeld på hotellet og vi har skote inn mykje eigenkapital, så vi har tru på at det vert ei god historie til slutt. Men akkurat i dag har vi eit problem, seier Wikborg.