Ja til verdas første skipstunnel

Kystverket tilrår å bygge skipstunnel gjennom Stadlandet. Tunnelen kan verte verdas første og største tunnel for båtar.

Stad skipstunnel
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

I tilråinga blir det lagt opp til å bruke 1,7 milliardar kroner på tunnelen.

Stort potensiale

- Ei ny utreiing, som blir lagt fram i dag, er mykje meir postiv enn før til tunnel - dersom den blir bygd stor nok til hurtigruta og cruiseskip, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

- Vi ser det er ein nytte både i forhold til tryggleik og ikkje minst fleire turistar og dagleg reisande, seier ho. 

Les også: Får tunnelopning på garden

Skipstunnel Stad
Foto: Kystverket