Hopp til innhold

Ja til hybridbåt

Dei dieseldrive ekspressbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane bør skiftast ut med hybridbåtar innan utgangen av 2024. Dette vedtok Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland i dag. Frp sine to representantar røysta mot. Det skal også leggast til rette for utlysing av ein nullutsleppspilot. Vedtaket vil innebere ein årleg ekstrakostnad på mellom 40 og 70 millionar kroner for fylkeskommunen. Saka skal avgjerast av fylkesutvalet.