Hopp til innhold

Isolert bygd krev sikker veg

To store ras på ei veke har gjort dei redde.

Kart Hafslo - Veitastrond
Foto: Grafikk: NRK

- Det ligg i bakhovudet vårt heile tida, for me snakkar om den absolutt mest rasutsette strekninga i Sogn og Fjordane, seier Asbjørn Nes, leiar i rassikringsnemnda på Veitastrondi.

Kun luftputebåt

For andre gong på vel ei veke kom store snømengder i går ned fjellsida i Veitastrond. Raset var ifylgje vitner heile seks meter høgt og 100 meter breidt. Dei vel 100 innbyggjarane i bygda i indre Sogn vart isolerte etter raset, berre ein luftputebåt frakta folk til og frå.

- Raset gjekk i tre-fire-tida og då er det ganske mykje folk, til og med på veitastrondsvegen. Pendlarar og skuleelevar og andre som reiser begge veger var der, seier Nes. 

Kommunen må med

Han fryktar det vil gå lang tid å få sikra fylkesvegen om ikkje Luster kommune tek delar av rekninga.

Luster kommune HAR brukt ein halv million kroner til eit forprosjekt til rassikring av vegen. Det syner at det vil koste 76 millionar kroner å rassikre vegen.

- Det er det litt for tidleg å svare på no. Først må me sjå kor kostbart dette blir på kort og lang sikt, seier ordførar i Luster Torodd Urnes.