- Dette er hjerterått, seier advokat Knut Mannsåker, som no stemnar Utlendingsnemnda for retten.
- Forlet ikkje Norge i live
Tom Salte. Foto: Cosmin Cosma
Måndag kom meldinga som familien Hatefmoktari har frykta, dei får ikkje opphald i Norge og skal umiddelbart sendast heim igjen til Iran. Eit land faren rømde frå då styresmaktene i landet oppdaga at han var aktiv i motstandsrørsla. Skal vi tru Tom Salte, som har vore god ven med familien, vil ei tilbakesending få svært dramatiske følgjer.
- Han har sagt det så sterkt at han aldri forlet Norge i live, seier Salte.
Små born
Familien Hatefmoktari har budd i Sogndal i fire år. Salte fortel at borna, to gutar på 8 og 11 år, snakkar flytande sognedialekt og har funne seg godt tilrett på Kaupanger skule.
Etter at utlendingsdirektoratet avviste søknaden om opphald, har Utlendingsnemnda handsama saka to gonger. Men det var først på måndag at politiet si utlendingseining fekk den endelege beskjeden om å setje familien på flyet til Iran.
Mista fingrane
Dette har sett sinnet i kok hos advokaten deira, Knut Mannsåker. Han opplyser at vedtaket kjem sjølv om både mora og faren er under medisinsk behandling. Ho har fleire gonger vore innlagt på psykiatrisk institusjon, medan han nyleg mista fire fingrar under eit arbeidsuhell. Mannsåker fortel at det har gått infeksjon i såret.
- Eg er veldig uroa for klientane mine. Han er ikkje i stand til å reise nokon stad.
- Held tilbake opplysningar
Knut Mannsåker. Foto: Torbjørn Fardal
Mannsåker har kontakt med familien og veit kvar dei skjuler seg. Det er ein plass dei ikkje kan vere lenge seier han, og grunngjev det med at begge treng medisinsk behandling.
Mannsåker er rysta over vedtaket og er overbevist om at Utlendingsnemnda har gjort alvorlege sakshandsamingsfeil. Difor stemnar han nemda for retten.
- Det er ikkje noko gale med reglane, men måten forvaltinga brukar dei på.
- Kva gjer dei gale?
- Dei utfører ikkje ei forsvarleg sakshandsaming og dei held tilbake opplysningar om Iran. Vi har rapportar som vil verte lagde fram i retten, seier Mannsåker.
Set si lit til retten
Så langt har det ikkje vore mogleg å kome i kontkakt med sakshandsamarane i Utlendingsnemnda. Dei har uansett sagt siste ord i denne saka, og no er einaste håpet til Tom Salte og dei andre venene til familien Hatefmoktari at Oslo tingrett gjer om på vedtaket.
- Det rører meg meg djupt at vi må gå til det steget i Norge og sende ut folk som har behov for hjelp og ein trygg plass å vere, seier Salte.