Hopp til innhold

No er framtida avgjort

I alle fall for dei som har søkt vidaregåande skule. Men tusen står framleis utan plass.

Lærer

Dei fleste kommande vidaregåandeelevar i Hordaland veit no kva dei skal dei neste åra.

Foto: Colour Box

I går gjekk det ut tekstmeldingar til 18.309 ungdommar i Hordaland om det som skal fylle dagane deira dei neste åra. Då var fyrsteinntaket til vidaregåande opplæring klart.

19.298 har søkt, og 17.418 fekk i fyrste omgong tilbod om plass.

Mange framleis utan plass

998 elevar med rett til vidaregåande opplæring står enno i uvissa. Men i følgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune skal alle med. Hovudgrunnen til at dei fleste av desse ikkje har fått plass er nemleg at dei berre har ført opp eit skuleønske. Når karaktersnuttet deirar i tillegg er lågt, kan det for mange vera vanskeleg å få tilbod på det kurset eller den skulen dei mest ønskjer.

Men etter opplæringslova, har alle rett på skuleplass, og fylkeskommunen satsar på å gi alle eit tilbod før skulestart.

Høge poenggrenser

Poenggrensene til skulane varierer mykje. Høgast er dei ved Bergen handelsgymnasium og Bergen katedralskole. Tett etter kjem ein av dei eldste skulane i Hordaland, Tanks videregående skole saman med den nyaste, Nordahl Grieg videregående skole.

Òg utanfor Bergen er det mange skular som har høge poenggrenser for inntak, og svært godt søkjargrunnlag til dei fleste kursa. Særleg gjeld dette Knarvik vidaregåande skule, som faktisk har det høgaste søkjartalet av alle skular i Hordaland.

Sunnhordland har òg godt søkjargrunnlag til dei fleste tilboda, og her er det òg, for første gong, oppretta eigne tilbod for minoritetspråklege elevar.