Hopp til innhold

Innbyggjarane i Luster på topp

Folket i Luster er dei mest gåvmilde medan, innbyggjarane i Flora må ta til takke med å vere sist på lista over givarglede i Sogn og Fjordane i forbindelse med årets TV-aksjon.

Seint i går kveld var TV-aksjonen, der pengane i år går til Amnesty International, framleis i gong. Bøssene frå kommunane i Sogn og Fjordane var allereie talde opp, og sjølv om ting kunne endre seg i løpet av natta, var det lite truleg at plasseringa ville endre seg mykje.

Slik lista ser ut er det innbyggjarane i Luster som kan smykke seg med tittelen Sogn og Fjordanes mest gåvmilde.

SJÅ DEN SISTE OPPDATERINGA FRÅ DIN KOMMUNE HER

– Det er eg litt stolt av

Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

STOLT: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, er godt nøgd med at dei toppar lista over givarglede i Sogn og Fjordane.

Foto: Luster kommune

Seint søndag kveld viste oversikta at Luster kommune hadde eit snitt på 65,49 kroner pr. innbyggjar. Det meinte ordførar i Luster, Ivar Kvalen, var stas.

– Det er kjekt å høyre! Det må eg seie eg er litt stolt av. Når ein er høgst i fylket så må vi vel vere nøgde med det, seier Kvalen.

– Korleis er det å vere ordførar i fylkets mest givarglade kommune?

– Det er alltid kjekt å vere ordførar i Luster, men det er ekstra kjekt når ein toppar ein slik hyggjeleg statistikk, ler Kvalen som sjølv har engasjert seg i årets innsamlingsaksjon.

– Eg har gått med bøsse i dag og treft mykje folk og givargleda den var stor.

Etter at oversikta vart oppdatert like over midnatt hadde snittet per innbyggjar i Luster gått opp til 69,20 kroner.

Ikkje lenger på sisteplass

Ein annan ordførar som har grunn til å vere nøgd er Morten Hagen. Vågsøy kommune har tidlegare kome dårleg ut på statistikken og i fjor låg dei på sisteplass.

I år derimot kan Vågsøy juble over å ha klatra fleire plassar opp på lista over

Morten Hagen

KLATRAR OPP: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen, er glad kommunen hans ikkje er på botn av statistikken i år.

Foto: Thomas Hagen

givarglede i TV-aksjonen. Åtte plassar opp frå i fjor gler ordførar Hagen.

– Det følast veldig bra. no har vi gjort litt ekstra innsats i år og det er tydeleg at det gjev resultat, så får vi sjå kvar vi endar på lista når alt er talt opp, seier Hagen.

– Har det vore litt snakk i kommunen om at de tidlegare har vore fylkets «gjerrigaste»?

– Det er heilt klart at det har vore snakk om det og det er ingen som ynskjer å ha det stempelet, så i år håpar eg vi har lukkast med å snu det og så får vi halde fram neste år, fortel Hagen.

I snitt har innbyggjarane i Vågsøy gitt 44,57 kroner kvar til årets TV-aksjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vik samlar inn pengar til Amnesty

TIANDEPLASS: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset, og resten av vikjene kan seie seg godt nøgde med ein tiandeplass i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Kan ikkje konkurrere med Svalbard

Sjølv om Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best ut når ein ser heile landet under eitt er det ingen av kommunane i fylket som kjem opp på topp ti lista.

Det er ingen som har sjanse til å måle seg med Svalbard som har ein solid fyrsteplass med heile 445,57 kroner pr. innbyggjar.

Til no har det blitt samla inn 163 326 832,45 kroner til TV-aksjonen 2012. Landsgjennomsnittet ligg no på 32,77 kroner pr. innbyggjar og alle kommunane i Sogn og Fjordane ligg over det.

Slik såg oversikta ut då den vart oppdatert like over midnatt natt til måndag:

1. Luster 69,20
2. Høyanger 68,86
3. Årdal 61,82
4. Aurland 61,46
5. Solund 59,27
6. Gloppen 53,97
7. Gulen 52,30
8. Leikanger 51,83
9. Jølster 51,76
10. Vik 50,40
11. Askvoll 49,66
12. Lærdal 49,62
13. Gaular 48,65
14. Fjaler 47,10
15. Naustdal 46,72
16. Hyllestad 46,29
17. Sogndal 45,03
18. Vågsøy 44,57
19. Balestrand 43,45
20. Bremanger 43,30
21. Eid 43,18
22. Stryn 42,80
23. Førde 42,30
24. Selje 41,86
25. Hornindal 41,26
26. Flora 38,41

Har samla inn over fem millionar

Fylkesleiar for TV-aksjonen, Kristin Sandal, seier måndag morgon til NRK.no at ho er svært godt nøgd med givargleda til folk i Sogn og Fjordane.

Etter at pengane er talde opp viser det seg at folk i fjordfylket har gitt til saman over fem millionar kroner.

– Summen er på 5.229.983 kroner for å vere nøyaktig på krona, seier Sandal og legg til:

– Det er inkludert det som kjem inn på bøssene, og støtta frå næringsliv og kommunar, seier Sandal og meiner summen er veldig bra.

Det kan framleis kome inn meir pengar, så ho trur at det endeleg resultat blir om lag det same som dei tidlegare åra.

– Den største dugnaden

Sandal seier det har vore svært mange frivillige i sving, både under sjølve aksjonen, men også i forkant.

– Sjølve aksjonsdagen er det 2000 som har vore i sving, men det er også mange hundre som jobbar med dette i forkant, seier ho.

– Eg vil påstå at dette er den største dugnaden vi har her i fylket, med så mange i sving på same tid.

Ho fortel vidare at det har vore lett å få folk til å engasjere seg under årets aksjon, der pengane altså går til Amnesty International sitt arbeid for menneskerettar.

– Amnesty International er ein organisasjon som er kjent for mange, og det er ein tematikk som mange er opptekne av.