Hopp til innhold

Innbrot i NRK sin sendebuss før TV-aksjonen

Det har vore eit innbrot i ein av sendebussane til NRK i forbindelse med årets TV-aksjon.

Nokon har kome seg inn i ein av bussane, og det skal ha blitt oppdaga av ein vakt.

Otto Voldsund er prosjektleiar for TV-aksjonen for NRK og har ansvar for sendinga.

Han fortel at det er nokre datamaskiner og anna teknisk utstyr som er vekke.

– Det er jo sjølvsagt kjedeleg, men det kjem ikkje til å påverke sendinga, seier Voldsund.

Politiet på staden har undersøkt spor og opprettar sak. Stein Rune Halleraker i Vest politi fortel dei har fått informasjon om eit område utstyret kan vere på.

en hvit lastebil parkert på en parkeringsplass
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK