Hopp til innhold

Innbrot i fleire hytter i Fjærland

Fleire hytter i Fjærland i Sogndal fekk ubedne gjester i går kveld.

Hytteinnbrot

INNBROT: Denne hytta i Bøyadalen i Fjærland i Sogn vart råka av innbrot i natt.

Foto: Jo Marius Bøyum Bøyabreen

Rundt 20.30 tysdag kveld vart det meldt om innbrot i ei hytte ved Bøyafjellstølen i Fjærland i Sogndal. Det viste seg at også fire andre hytter hadde hatt uvedkomande på besøk.

Det var ein av hytteeigarane som melde frå om innbrota.

– Det kan sjå ut som om hyttene har vore utsette for ein del hærverk. Mellom anna er det tømt eit brannsløkkingsapparat i den eine hytta. Elles er det knust ruter og brote opp dører, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

– Er det noko som er stole frå hyttene?

– Så langt politiet har kjennskap til veit vi at det er teke ei propanflaske, men det kan vere at det er andre ting som er teke utan at vi per no har oversikt over dette, seier Knappen.

Politiet har vore på plassen etter innbrota for å sjekke hyttene.

– Politiet opprettar sak og vil undersøke om det er spor å gå etter, men så langt er ingen arresterte, seier Knappen.

Laster Twitter-innhold
Hytteinnbrot
Foto: Jo Marius Bøyum Bøyabreen