Hopp til innhold

Det vart ingen skyttarkonge eller skyttarprinsesse frå fylket

Dei to skyttarane frå Sogn nådde ikkje heilt opp under Kongelagskytinga på landsskyttarstemnet på Voss.

To frå fylket på Kongelaget

NØGDE: Sjølvom det ikkje vart konge- eller prinsessetittel er Vegard Solhaug frå Aurland og Marianne Stigen frå Leikanger godt nøgd med innsatsen under Kongelagskytinga.

Foto: Jørn Njøs/fotomontasje

Vegard Solhaug frå Aurland vart nummer 8 med 345 poeng, medan Marianne Stigen frå Leikanger enda totalt på ein 30. plass med 343 poeng. Ho vart likevel tredje beste blant kvinnene.

Vart ikkje prinsesse

Håpet om prinsessetittelen rauk dermed for Stigen, men ho var likevel nøgd med å nådd så langt som ho gjorde.

– Eg hadde eit håp om å komme med i prinsesselaget frå før av, og kom med i Kongelaget, så berre det er eg veldig nøgd med. Så sjølv om det då ikkje vart heilt toppen på prinsessepallen, så er eg veldig godt nøgd med ein tredjeplass. Det er høgare enn det eg nokon gong har vore før, så det går berre oppover for kvart år, seier ho til NRK.

– Går det til neste år?

– Eg håpar jo det, no har eg litt meir trua. No har eg vore med tre år, så då må det vel skje på det fjerde forhåpentlegvis.

Heller ingen konge

Vegard Solhaug frå Aurland hamna til slutt på ein 8. plass med 345 poeng, same poengsum som i fjor gav han ein 10. plass. Før finalen sa han at målet var å komme på ein betre plassering enn fjoråret, og det er han nøgd med å ha klart.

– Eg er veldig nøgd med innsatsen. Eg synest sjølv eg skaut veldig bra, og at eg hadde veldig god gjennomføring, så eg er nøgd, seier Solhaug.

Kva mål har du vidare?

– Målet mitt er å bli skyttarkonge, så eg får no berre jobbe vidare mot det, seier Aurland-skyttaren.

– Må vere svært nøgde

Leiar i Fjordane skyttarkrets Jørn Njøs, meiner vi skal vere svært nøgd med å ha hatt to skyttarar frå fylket med på Kongelaget. Han har tru på at dei kan gjere det godt også neste år.

– Marianne har sagt at ho skal minst på prinsesselaget neste år, så då har vi noko å sjå fram til der. Og om Vegard får trent rett så er han med på Kongelaget uansett, og det kan jo også komme andre som kjem opp i toppen der, seier Njøs.

Han trekkjer også fram Bjarte Haugnes frå Florø som skaut seg opp frå å vere blant dei 80 beste til ein 15. plass.

– Han har også levert sine saker svært bra. Bjarte har vore oppe og kjempa om plass på Kongelaget i fleire år, og har hatt stang-ut, så vi får håpe at han har stang-inn neste år, og kjem seg inn på Kongelaget, seier Njøs.

Svein Kåre Furre frå Leikanger hamna på ein 20. plass.

Hans Kristian Wear frå Styrvoll vart årets skyttarkonge med 347 poeng.