Hopp til innhold

Politiet er einaste naudetat utan krav til responstid

Både ambulanse og brannmannskap har strenge krav på kor lang tid dei kan bruke før dei er på plass på eit oppdrag. Det har dei ikkje i politiet.

Innbrotstjuv pågripen i Florø

PÅGRIPEN: Her vert tjuven frakta til politistasjonen. Før politiet kom måtte tjuven haldast i sjakk av privatpersonar.

Foto: NRK.no-tipsar

Til dømes er målet for ambulansetenesta at 90 prosent av befolkninga skal kunne nåast av ein ambulanse innan 30 minutt. Ved dei alle mest akutte oppdraga er målet at ambulansen skal vere framme innan 12 min.

Går ut over publikum

For politiet er ikkje responstid ein gong med i dei ulike måltala som blir brukt for å analysere arbeid dei gjer.

Det finst heller ikkje ei oversikt over korleis responstida har utvikla seg siste åra. Det meiner fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane Kjetil Drange går ut over publikum.

– Det medfører at vi ikkje har noko krav på oss og vi kjem ofte seint ut. Som regel er vi siste eining på åstaden. Vi føler litt sånn bismak når vi kjem som siste eining og det berre er brannvesenet som er igjen på ei ulukke og som dirigerer trafikken, seier Drange.

Måtte fange tjuven sjølv

At politiet kom seint til åstaden fekk Ørjan Sundal erfare då han sjølv måtte ta opp jakta på ein ustabil innbrotstjuv som sprang rundt i nabolaget.

– Han kjefta, skreik og prøvde både å kaste stein etter oss og slå etter oss med ein stokk, fortel Sundal.

Mannen hadde brote seg inn i fleire hus i Florø sentrum ikkje langt frå hovudstasjonen til politiet i Sogn og Fjordane. Likevel gjekk det om lag ein time frå naboane varsla politiet til dei kom.

– Det er ikkje haldbart at vi må vente så lenge på ei hjelp som vi eigenleg burde fått med ein gong, seier Sundal.

For Ørjan Sundal i Florø verkar det svært underleg at politiet ikkje bør ha krav til responstid.

– Det er jo instansar som skal vere der når vi treng dei. Det er jo derfor vi har dei. Det burde vere same utrykkingstid på dei alle saman eigentleg, seier Sundal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Sundal og Eric Hauge

REAGERAR: Ørjan Sundal og Eric Hauge måtte sjølv ta affære då ein tjuv herja i nabolaget. Politiet kom fyrst ein time etter dei hadde meldt ifrå om tjuven.

Foto: Simon Solheim / NRK

Skal granske tidsbruken

Etter 22. juli vart tidsbruken til politiet aktualisert for alvor, og det er no sett i gang ei gransking der ein blant anna skal sjå på om politiet brukte for lang tid på å komme seg til Utøya.

Parlamentarisk leiar i KrF Hans Olav Syvertsen støttar kravet om responstid også for politiet.

– Responstid og krav til det som målsetjing, det kan vere veldig viktig å få inn i politiet. Også fordi det vil synleggjere kva vi treng av politiressursar på landsbasis for å kunne gje god service til innbyggjarane, seier Syvertsen.

Det er pengane det står på

Drange trur mange politikarar kvir seg for å sette temaet på dagsorden fordi eit tidskrav er kostbart. Det trur leiar i justiskomiteen på Stortinget Per Sandberg er rett.

Per Sandberg

ØKONOMI: Per Sandberg trur det er pengar det står på.

Foto: Åserud, Lise / NTB SCANPIX

– Eg er ikkje veldig for ei standardisert responstid, men skal denne utviklinga her gå vidare på same måte som vi ser under denne regjeringa, så er vi kanskje nøydde til å vurdere responstid også innanfor politiet, seier Sandberg.

Justisdepartementet har ikkje funne tid til å kommentere saka, dei viser vidare til politidirektoratet som i 2008 gjorde ein analyse av responstida ved fem politidistrikt og konkluderte med at responstid vil vera ueigna som resultatkrav for politiet.

Politimeisteren i Sogn og Fjordane har ikkje tru på krav til responstid. Han meiner fleire tilsette vil gje ein betre garanti for at politiet er kjapt på staden.