Hopp til innhold

Sakna i tre døgn og framleis ingen nye spor

Politiet går i «manngard» i området rundt heimen til Agnar Ingemar Holtås (74) – Vi leiter enno ut frå den tru om at han kan vere i live.

leiteaksjon

NYE SØK: Politiet søker framleis med det utgangspunkt at vedkommande kan vere i området og er i live.

Foto: Tim Andre Wassmo / NRK

– Vi har avgjort at vi skal i gang med eit nytt søk i eit område rundt ein tursti ved Hilleren, vest for Bergen. Der kjem vi utover føremiddagen til å få bistand frå personell frå forsvaret til å hjelpe oss med å søke på ein teig som er aktuell no, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord ved Hordaland politidistrikt.

Natt til tysdag var politiet ute og søkte med hundepatrulje utan noko funn.

– Vi har hatt søk både på land og i sjø, men så langt utan resultat. Vi søker framleis med det utgangspunkt at vedkommande kan vere i området og er i live, seier Rebnord.

Agnar

SAKNA: Agnar Ingemar Holtås (74) har vore sakna frå området Mathopen i tre døgn.

Agnar Ingemar Holtås (74) vart meldt sakna etter at han forsvann frå sin bustad i Mathopen laurdag morgon. Sidan i laurdag kveld har politiet søkt i nærområdet.

– Det har kome inn tips og dei vert behandla på Bergen vest politistasjon. Dette søket som no er vedteke er ikkje på bakgrunn av ferske tips, men frå ei vurdering som er gjort på bakgrunn av alt som ligg i saka så langt, seier Rebnord.

Glad i å gå på tur

74-åringen sin son Kjetil Holtås seier til Bergens Tidende at faren ofte går på tur.

– Han er åndsfrisk og rimeleg god form, seier Holtås.

Over fleire dagar har leiteaksjonen gått føre seg med store ressursar. Mange frivillige og kjende av den sakna har bidratt. I tillegg har Brannvesenets klatregruppe, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, redningshundar, politiets hundar vore med i leitearbeidet.

Leiteaksjon

NYE SØK: Leitemannskapet skal i gang med eit nytt søk i eit område rundt ein tursti ved Hilleren.

Foto: Tim Andre Wassmo / NRK

Leitegruppene har vore delt inn i teiger i eit ganske stort område der 74-åringen pleier å gå tur, ikkje langt unna mannen sin bustad i Mathopen.

SJÅ OGSÅ: Resultatløs leting etter Agnar (74) i natt

Ønskjer tips

Politiet ønskjer framleis tips og ved observasjon av vedkommande kan ein ringja politiet på 02800.

Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg og har normal kroppsbygning. Han er skalla med litt grått hår på sidene.

Han snakkar vestlandsdialekt og var iført beige bukser og gul skjorte då han forsvann frå sitt heim.