Hopp til innhold

Ingen medalje på Eithun

Geir Eithun nådde ikkje semifinalen i NM i sandvolleyball.

Geir Eithun tapte kvalikkampen i Grand Slam

Det ikkje som Geir Eithun ville under sandvolleyball-NM i helga.

Foto: Petra Bjelke

Førdeianaren Geir Eithun makker Ronny Berntsen hadde håp om å kjempe heilt i toppen under NM i sandvollyeball i Bø i Telemark i helga.

Tapte halvparten

Men dei tapte allereie i den andre kampen, og kunne dermed sjå langt etter nokon medalje.

Av totalt fire kampar tapte dei halvparten.

Fleire lokaltalent i NM

Lars Fredrik Tvinde (18) frå Førde og makker Jonas Kvalen frå Volda fekk wild card til hovudrunden, men nådde ikkje langt. For dei tapte alle kampane.

Om to veker deltek dei i U18-VM - og er såleis ein erfaring rikare etter helgas NM.

Også Synnøve Øyra Iversen frå Førde deltok i sandvolleyball-NM. Saman med makker Hedda Finstad drog dei i land siger i den første kampen - men gjekk deretter på to tap.

Lars Fredrik Tvinde

Lars Fredrik Tvinde tapte alle kampane i NM i sandvolleyball. Om to veker er han klar for VM for U18.

Foto: Rune Fossum / NRK