Hopp til innhold

Bergensfirma lagar NOKAS-film

Om to år er den ferdig: Filmen om NOKAS-ranet. I dag presenterte produksjonsselskapet Alligator frå Bergen nokre av løyndomane i prosjektet.

Alligator Films lagar Nokas-film

F.v. regissør Erik Skjoldbjærg, manusforfatter Christopher Grøndahl og produsent Jan Aksel Angeltvedt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Regissør Erik Skjoldberg vil mellom anna ikkje nytta kjende skodespelarar i filmen.

- Kjende ansikt vil skapa distanse til det dramaet som faktisk hende i Stavanger den dagen, seier Skjoldberg.

Det er produksjonsselskapet Alligator frå Bergen som skal produsera filmen.

Ingen billigproduksjon

- Me har snakka med fleire av dei involverte i ranet. Både pårørande, ranarar og etterforskarar, fortel manusforfattar Christopher Grøndahl.

Fleire av inntrykka dei involverte sit igjen med, vil bli viste på skjermen.

Regissøren for filmen vil ikkje gå ut med kor mykje pengar som vert lagt i prosjektet, men ifylgje produsenten er summen i "det øvre sjiktet i norsk film".

Opptaka startar på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum mot slutten av vinteren. Filmen skal etter planen vera på norske kinolerret i 2010.