Heller ikkje SV sin leiar Magne Årdal kan hugse å ha fått pengar nokon gong.
Medan store lokallag mottek millionbeløp i støtte frå privatpersonar, er det altså lite å hente i Sogn og Fjordane. Faktisk er det fylket sitt minste parti, Kystpartiet, som har fått den største pengegåva til valkampen, ei anonym gåve på 5000 kroner.
Høgre sin partisekretær, Finn Ove Njøsen, trur forklaringa ligg i at det er få rike onklar i Sogn og Fjordane.