Hopp til innhold

Ingeborg er eldst på Vestlandet

I dag feira ho 107-årsdagen sin. Ingeborg Holm frå Bremanger hugsar framleis godt, og har gjerne ein god kommentar på lur.

Video Vestlandets eldste fyller 107

Vestlandets eldste fyller 107

– Eg går. Kan skjønne det. Eg må gå, seier Ingeborg Holm.

Til Bergens Tidende seier Holm at ho slett ikkje kjenner seg gammal.

– Nei, kva skulle eg det for?

Berre ei kvinne er eldre

Ingen nolevande vestlending har levd så lenge som Ingeborg Holm. I Norge er det berre ei kvinne i Numedal på 109 år som er eldre. Det tykkjer Ingeborg er stas.

– Er det eg som er eldst, så får eg vere det, seier Holm.

Berre tre nordmenn er 107 år eller eldre, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Ingeborg er framleis lett på foten, men ho merkar at synet og høyrsla ikkje er like god som før. Men ho klagar ikkje over å vere 107 år.

– Det er berre fint det. Eg tykkjer det går bra, seier Holm.

Hugsar både krig og Titanic

Og for å setje det i perspektiv; då Titanic sokk i 1912 var Ingeborg førsteklassing. To år seinare braut første verdskrigen ut.

– Ja, det hugsar eg, seier Holm, som er yngst av åtte sysken.

I Sogn og Fjordane og Hordaland er det i dag 103 kvinner og 25 menn over 100 år.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video 107åring lese dikt

Sjå 107-årige Ingeborg Holm deklamere dikt.

Nei til røyk og alkohol

Noko av grunnen til at ho er vorten så gammal trur ho er at ho har ete mykje fisk, samt styrt unna røyk og alkohol.

Ho har ete mykje fisk og styrt unna røyk og alkohol.

– Nei, kan ikkje bale med slik styggedom. Det er ikkje noko å halde på med. Det held vi oss ifrå, seier Holm.

Ifølgje Bergens Tidende dreiv faren Jesper sildeoljefabrikk, mora Synneva dreiv garden og kolonial i Rugsund.

– Eg er lik far min. Han var optimist. Mamma gjekk stille i dørene. Ho var så kjekk og snill, seier Holm til BT.

Fekk fem born

Dottera Randi Sørensen på 82 år føler seg privilegert.

– Det er jo heilt unikt å ha ei mor som er 107. Min mann sa alltid at eg skal inn å besøkje svigermor mi. Då blei folk heilt bestyrta, for slikt gjekk ikkje an, seier Randi Sørensen, og ler godt.

Ho er den einaste attlevande av dei fem borna som Holm fekk. Enkje vart Holm allereie for 50 år sidan. Mannen Bernt døydde då han var 59 år.

– Ein saknar veldig dei som fer, men ein må ta innover seg at ikkje alle vert gamle. Du er nøydd å godta det og prøve å leve vidare det beste du kan, seier Holm til BT.

Har strikka til kongelege arvingar

På veggen har Ingeborg bilete av mange, også kongelege. Faktisk heng det takkebrev frå både prinsesse Märtha Louise og Ari Behn. Ho har nemleg ved fleire høve strikka småting når dei kongelege har fått nye arvingar.

– Det er sånne takkegreier eg har fått fordi eg brukte å lage noko til småungane, seier Holm.

Og hugsen, den er god.

– Klart eg hugsar godt. Eg er ikkje så gammal enno, ler 107-åringen.