Hopp til innhold

Ikkje klare for Samhandlingsreforma

Mange kommunar er ikkje budd på pasientstraumen som følgjer med Samhandlingsreforma.

Video Pleiere kaller norsk eldreomsorg forferdelig

IKKJE BUDDE: Mange kommunar er ikkje klar for følgjene av Samhandlingsreforma. Illustrasjonsfoto.

Foto: Nyhetsspiller

Mykje er uklart berre fire månader før ei av dei største omveltingane i helsevesenet i nyare tid.

Frå nyttår blir kommunane pålagde å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa. Pasientar som til no ofte har blitt liggjande lenge på sjukehus.

– Kommunane har ein god førebels oversikt over kva krav som blir stilt til dei. Men desse krava er ganske omfattande og store. Mange av dei er usikre på korleis dei skal løyse dei, stadfestar fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

Vil koste kommunane

På landsbasis har tusenvis av pasientar ligge utskrivingsklare i lengre tid. Berre i Helse Førde viser statistikken at enkelte kommunar har hatt utskrivingsklare pasientar liggjande i inntil 90 dagar.

Frå 1. januar 2012 vil dette koste pengar, fortel samhandlingssjef Vidar Roseth i Helse Førde.

– Kommunane får ei plikt til å betale for utskrivingsklare pasientar frå dag ein. Ein sats førebels sett til 4 000 kroner per døgn, seier han.

Takksam 86-åring

I Samhandlingsreforma blir ansvar flytta frå sjukehusa til kommunane. Pasientane skal tidlegare ut frå sjukehus, og komme seg til hektene på kommunale institusjonar.

I Gloppen har Reidun Andenes (86) fått ein forsmak på den nye reforma. Etter at ho fall i førre veke, er ho no attende i kommunen og i gang med rehabilitering.

– Veldig flott. Veldig flott personale. Dei er hjelpsame på alle måtar. Eg kan ikkje ha det betre, seier ho og er glad for at ho fekk kome tidleg ut frå sjukehuset - slik reforma vil at alle skal gjere.

Må byggje

Det er langt frå alle kommunar som er budd på å ta imot dei mange som har kome i liknande situasjon som 86-åringen på Sandane.

I tidsrommet 2004 til 2010 gjekk talet på sjukeheimsplassar i Sogn og Fjordane ned frå 1200 til 1100. Rett nok er det blitt litt fleire omsorgsbustader, men 50 nye bustader på seks år er ikkje nok til å utlikne den samla nedgangen.

Helse- og omsorgssjef i senterpartikommunen Gloppen, Ragnhild Eimhjellen, er i tvil om at dei har kapasitet til å ta imot ei bølgje pasientar frå nyttår.

Ragnhild Eimhjellen er helse- og sosialsjef i Gloppen

IKKJE KLAR: Helse- og sosialsjef i Gloppen, Ragnhild Eimhjellen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– På litt sikt veit eg at vi ikkje har nok plassar, for vi brukar ein del av desse korttidsplassane der personar ventar på å få eigna omsorgsbustad med rett bemanning. Det vi må byggje i nær framtid er ei eller anna omsorgseining med åtte-ti plassar, fortel ho.

– Kjem for tidleg

Heilt førebudd på Samhandlingsreformen er heller ikkje Høgre-ordførar Edvin Haugen i Hornindal. Han er klar på at kommunen med 1 200 innbyggjarar kan løyse alle dei nye oppgåvene på eiga hand.

– Vi har starta samarbeid mellom nordfjordkommunane i høve til ein del prosjekt, men eg må seie at vi per i dag ikkje er klar.

– Kjem reforma for raskt?

– Det kjem nok litt fort, og så følgjer det ikkje pengar med i høve til verken kompetanseheving eller legedekning for vår sin del. Vi avheng av samarbeid med andre for å få gjennomført denne reforma.

Uroa Vik-ordførar

I Vik stiller Ap-ordførar Marta Finden Halset spørsmål ved om helsetilbodet verkeleg blir betre for dei eldre og svake gruppene.

Ho er spesielt uroa for alt ansvaret som no blir lagt på kommunelegane.

– Dersom kommunelegen skal sile innlegging til sjukehusa endå hardare enn han har gjort, så tenkjer eg dette kan bli tøft, fryktar ho.

– Bør vere i gang

Ein kommune som er i rute, er Flora. Kommunen samarbeider med 12 andre kommunar om Samhandlingsreforma. Men også ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) ser store utfordringar når pasientar tidlegare skal ut av sjukehusa.

– Utfordringa vår blir korleis samarbeidet skal bli og korleis vi skal halde oss til dei andre, seier ho.

Fylkeslege Stensland ber kommunane om å snu seg rundt. For han er det ingen tvil om at kommunane får mykje å ta hand om frå nyttår.

– Kva ein blir pålagt av oppgåver, korleis ein skal løyse dette, og kven ein treng å samarbeide med for å løyse desse nye oppgåvene er heimeleksa som ein kvar kommune må vere i gang med no, seier han.