Hopp til innhold

Politiet legg bak seg ei svært hektisk nattevakt

– Det er netter der det ikkje skjer noko, netter der det er ein god del og netter som i natt der det er ganske mykje.

Politi, politiet

ILLUSTRASJON: Politipatruljane i fylket legg bak seg ei hektisk nattevakt.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Slik skildrar operasjonsleiar Espen Gulliksen politinatta vi no legg bak oss.

På politiet sin Twitter-konto kan det sjå ut til å ha vore ei høvesvis roleg natt. Det skuldast mellom anna at operasjonsleiaren ikkje fekk tid til å legge ut alt som skjedde.

– Det har vore veldig mykje bråk, vi har hatt promillekøyrarar, leiteaksjonar og trafikkontrollar. Stikkordet er rus, og det er eigentleg spreidd utover heile fylket, seier Gulliksen.

Gemytta roa seg

I løpet av natta er mellom anna ein mann sett i arresten for uro og skadeverk etter å ha røska opp brøytestikker og kasta desse rundt seg. Like før stengetid måtte politiet i Førde rykkje ut til ein utestad etter melding om bråk.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Slåstkjempene roa seg betrakteleg då politiet kom til staden. Ein person vart vist vekk frå staden. Om lag samstundes køyrde politiet heim ein overstadig rusa gut i Florø.

Laster Twitter-innhold

Like over klokka 01 fekk politiet melding om bråk og slåsting på ein privatfest i Naustdal. Både festen og bråket var over då patruljen kom fram.

Laster Twitter-innhold

Vart slått ned

Gulliksen seier to personar har vore innom arresten i løpet av natta.

– Vi har ein sitjande her som blir meld for uro. I tillegg var det ein innom arresten i Førde, men her er det usikkert om saka blir følgd opp, seier han.

– Vi har hatt eitt slagsmål med skadefølgje. Ein mann i slutten av 20-åra måtte til legevakta her i Florø, men han må bestemme sjølv om han vil melde saka til politiet.

Ein promillemistenkt

I tillegg har politiet halde promillekontrollar i Eid, Øvre Årdal og Kyrkjebø utan å avdekke rusa bilførarar. I Eikefjord er derimot vart ein bilførar teken med til blodprøvetaking etter mistanke om promillekøyring.

Laster Twitter-innhold

På riksveg 15 ved Langesethøgda i Stryn skreiv UP ut to forenkla førelegg under ein fartskontroll laurdag kveld. Høgste målte fart var 90 km/t i 80-sona.

Laster Twitter-innhold