Fotballtalentet har tilbod frå fire toppserielag, men har framleis ikkje bestemt seg kvar ho vil spele neste sesong.
- Eg må skifte klubb viss eg skal opp på eit høgare nivå. Så eg tenkjer på å flytte til sommaren, fortel ho.
Fire klubbar er interesserte
Elise Thorsnes vil gjere seg ferdig på den vidaregåande skule i Sogndal før ho skiftar bustad. Landslagsspelaren på det norske J17-laget har fått henvendelsar frå fire topplag som alle vil ha fotballtalentet frå Leikanger i troppen. Men sjølv om ho ikkje flyttar før til sommaren, er det likevel lite truleg at det blir spel med Kaupanger i 2. divisjon i vårsesongen.
- Viss eg vel ein klubb som er nær, kan det hende at eg pendlar før eg flyttar, seier ho.
Trivst i Bergen
Elise Thorsnes har trena både med Arna Bjørnar og Team Strømmen i haust, og sjølv om det sportslege nivået i Strømmen var høgst, trivst ho best i Arna Bjørnar.
Gjev motivasjon
I tillegg til Team Strømmen og Arna Bjørnar har Sandviken og Klepp vist interesse for sognejenta, og sjølv om ho har vore gjennom ein trøbblete sesong med to beinbrot og sportsleg nedtur og nedrykk med Kaupanger, er ho glad for at klubbane er interessert i å tilby kontrakt.
- Det er sjølvsagt kjekt, for det gjev meg motivasjon. Og innan to veker bør eg ha bestemt kva klubb eg vil til, seier ho.