Hopp til innhold

I denne grenda bur seks personar – kattekolonien aukar innbyggjartalet til 30

KOLGROV (NRK): Det byrja med ein heimlaus katt. Nokre år seinare tuslar det fire gonger fleire kattar enn innbyggjarar rundt i den vesle grenda lengst i vest. Kattekolonien aukar innbyggjartalet til 30.

Kolgrov i Solund

KOLGROV: Det er seks fastbuande på Kolgrov i Solund. Legg ein til kattekolonien er ein oppe i 30 fastbuande i den vesle grenda.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Slike kattekoloniar er eit stort dyrevernsproblem for kattane det gjeld. Dei kan bli sjuke, det er fare for innavl, og dei kan svelte eller fryse. Slik er situasjonen heldigvis ikkje her, seier Randi Aarethun, leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn.

Firda skreiv om saka først.

Kattane har det godt

Veterinær Ewa Olszowy

VETERINÆR: Ewa Olszowy jobbar til vanleg med både produksjonsdyr og selskapsdyr i Lærdal, men har teke seg nokre dagar fri for å hjelpe med å få kattekolonien kring 25 mil unna under kontroll.

Foto: Seline Larsen / NRK

For dei heimlause kattane har det fint på Kolgrov i Solund. Her får dei mat, og dei har varme stader dei kan søkje inn i. Men dei er mange.

Og kan bli fleire, for også kattar har behov og instinkt.

– Det byrjar ofte med ein eller to kattar, som ikkje blir kastrert eller sterilisert. Så får, eller medverkar dei til, at fleire kattungar blir fødde. Då blir det fleire og fleire kattar, seier Ewa Olszowy.

Byrja med ein katt

Sandra Høyvik Grimelid, styremedlem i Dyrevernlaget Indre Sogn

PROBLEM: – Heimlause kattar lid. Bur dei ute, så er det avgrensa tilgang på mat og varme, og det er fare for spreiing av kattesjukdomar, seier Sandra Høyvik Grimelid.

Foto: Seline Larsen / NRK

Saman med veterinærkollega Frank O'Boyle har Olszowy teke turen til øysamfunnet ytst i Sognefjorden for å hjelpe med å få kattekolonien under kontroll. Her fangar, kastrerer, steriliserer, chippar og registrerer dei kattane.

– Det har blitt eit lite problem. Vi prøver å bryte sirkelen så godt vi kan, slik at dei ikkje blir fleire, seier Olszowy.

Aarethun, som stifta og er leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, la merke til dei mange kattane då ho kjøpte fritidsbustad på Kolgrov. Innbyggjarane stadfesta kolonien.

– Ifølge fastbuande dukka det opp ein framand katt for ein del år sidan. Sidan har dei formeira seg ukontrollerbart, seier Sandra Høyvik Grimelid, styremedlem i dyrevernlaget.

Ti kattar på eitt døgn

Veterinær Frank O'Boyle

OPERERER: Veterinær Frank O'Boyle syter for at denne katten ikkje får høve til å formeire seg. Truleg er det godt over 20 heimlause kattar på Kolgrov.

Foto: Seline Larsen / NRK

På under eitt døgn fanga dei ti kattar i fellene. Alle vart tekne med til den provisoriske dyreklinikken, bedøvd og lagt under kniven. Alle kattane blir registrerte med namn.

For at ein lett skal sjå at katten er registrert, klipper veterinærane ein bit av venstre øyreflipp.

Omsorgsprosjektet i Solund er ikkje det einaste dyrevernlaget har. Ved bosstasjonen i Årdal har ein koloni på 12-13 kattar vore gjennom det same.

Randi Aarethun

GODT: Dyrevernlaget prøver å finne nye heimar til kattane, men tek i første omgang godt hand om at kolonien ikkje aukar. – Vi passar alltid på at det er eit ettervern. Det er etisk, moralsk og bra for kattane, seier Aarethun.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Der bygde vi nærast hyblar og fôringsautomat, og har tidvis viltkamera for å følgje med. Det aukar statusen og verdien for kattane, seier Aarethun og meiner status er eitt av stikkorda for korleis ein kattekoloni kan oppstå.

– Vi må ta ansvar

– Kattane har så å seie ingen status i samfunnet. Det er bruk og kast. Det er enkelt å skaffe seg gratis kattungar. Ser du på finn.no, så florerer det med annonsar, seier Grimelid og legg til at ein del kattar kan ha rømt eller ikkje finn vegen heim att.

Aarethun er samd og viser til at det er straffbart å dumpe kattar. Tidlegare har dei funne kattungar i tunnelar og på andre stader som er unaturlege for ein katt å vere.

– Hadde det vore 30 hundar som gjekk her, så hadde folk reagert, seier ho.

– No er vi komne til 2019. Om ikkje folk byrjar å kastrere og sterilisere kattar, så blir det slik som dette. Vi som katteeigarar må ta ansvar.