Hopp til innhold

I den vesle bygda bur Alexander åleine i eit britisk herskapshus

FJALER (NRK): I ytre Sunnfjord var framtida til eit unikt kulturminne uvisst. No har ein 29-åring flytta inn for å ta vare på Lillingstonheimen på fulltid.

Lillingstoneheimen

BRITISK KLASSE: Trass i forfallet, vil dei som går over dørkarmen få ei kjensle av ærverdigheit, stil og overklasse. – Eg skjønte det var ein sjanse eg ikkje klarte å seie nei til, seier Alexander Rauboti.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Heldigvis trivst eg åleine, seier Alexander Rauboti.

Det knirkar i trapper og golv, og ein eigedomsmeklar ville kan hende ha sagt at huset har «stort potensial».

Ein stad er det hol i golvet, og løysinga for å få regnvatnet ned frå taket ser noko provisorisk ut.

Trass i varierande tilstand, vil dei som går over dørstokken få ei kjensle av ærverdigheit, stil og overklasse.

Eit bibliotek med originalt utgjeve litteratur frå heile attenhundretalet, fleire gamle piano og møblar frakta med båt frå Paris rett etter krigen.

– Eg skjønte at det var ein sjanse eg ikkje kunne seie nei til, seier Rauboti.

Alexander Rauboti framfor Lillingstoneheimen

IKKJE HUSREDD: – Heldigvis trivst eg åleine, og er korkje mørkeredd eller husredd, seier Alexander Rauboti.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Engelsk overklasse møter norske bondetradisjonar

Det er Fortidsminneforeningen som eig det tidlegare hovudtunet på garden Tysse i Fjaler. Dei kjøpte han av Fjaler kommune, som hadde eigd han sidan 1968.

Det var året etter at miss Edith - yngste dotter av den språkinteresserte teologen Claude Lillingston døydde.

Før dette var det engelsk språk, tradisjon og interiør som dominerte på den gamle sorenskrivargarden. Heilt sidan Claude Lillingston fann fram til garden i 1880.

Bygningane på garden vart fyrst reist av sorenskrivar i Sunnfjord, Niels Landmark kring 1808 og var sidan eit pionerbruk i det store hamskiftet i jordbruket på attenhundretalet.

Det er dette unike kulturmøtet Rauboti har fått jobben med å ta vare på.

– Kvardagen min kan vere alt frå fysisk arbeid frå morgon til kveld, til det som nærast kan kallast forskingsarbeid. Eg forsøkjer å kartleggje historia her på garden.

Edith og Claude Lillingston

UNIKT KULTURMØTE: Mellom 1880 og 1967 var det engelsk språk, tradisjon og interiør som dominerte på den gamle sorenskrivargarden.

Foto: Emmy Falch / ©Fylkesarkivet

Naboen hugsar den siste Lillingston

Til å forstå livet til den engelske overklassefamilien, har 29-åringen skaffa seg ei rekkje gode medhjelparar.

81 år gamle Ansgar Tysse kjem frå ei slekt som har samarbeid tett med familien Lillingston i fleire generasjonar, og han har framleis to sauer i den gamle fjøsen som tilhøyrde Lillingstonheimen.

Han har sjølv mange minne om Claude Lillingston jr. (1881–1961).

– Eg hugsar han som ein gamal mann, som gjekk veldig sakte med stokken sin. Det var ikkje vanlege bygdefolk; dei var mykje finare enn oss. Samstundes var dei veldig greie, seier Tysse.

For verten på Lillingstonheimen, er det gull verdt å kunne få hjelp av eit tidsvitne frå då den engelske familien framleis budde på garden.

– Ansgar har hjelpt meg å forstå alt frå talemåtar, juletradisjonar og ikkje minst kva forhold Lillingston-familien hadde til resten av bygda, seier Rauboti.

Ansgar Tysse og Alexander Rauboti i Lillingstoneheimen

FINARE ENN OSS: – Det var ikkje vanlege bygdefolk, det var ingen tvil om at dei var mykje finare enn oss. Samstundes var dei veldig greie, seier Ansgar Tysse.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Mykje att å kartleggje

Til våren skal hovudhuset verte måla, muren skal pussast opp og svalgangen på framsida av huset skal stå fram som ny.

I tillegg skal verten halde fram med å kartleggje historia til dei som budde der før han.

– Framleis er huset fullt av gjenstandar, notat og bøker som eg skal kartleggje og forstå. Det vert eigentleg eit slags forskingsarbeid, og eg er veldig heldig som får lov til å halde på med dette.

Alexander Rauboti i lillingstoneheimen
Foto: Aleksander Åsnes / NRK