For medan mange jublar mellom Florø og Bremanger i dag, har dei ein litt spesiell og vemodig dag i styrehuset om bord på ferja Førdefjord.
I dag opnar nemleg Bremangersambandet 2. Dermed er det siste dag for ferjesambandet Kjelkenes–Smørhamn.
– Det er vemodig på ein måte. No er det slutt på alt som heiter ferjetrafikk på Frøysjøen, seier skipper Jonvald Kjerpeset på ferja Førdefjord.
Kortare veg
VEMODIG: Skipper Jonvald Kjerpeset (t.v.) og matros Knut Vidar Sætre.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKMen i dag er det altså siste reis for ferjesambandet og Førdefjord blir avløyst av 8.370 meter veg til ein halv milliard kroner. Vegarbeidet byrja sommaren 2010 og knyter Bremangerlandet til fastlandet.
Vegsambandet omfattar utbetring av 2,1 kilometer frå Kolset til Leirgulen, utbetring av to krappe kurver og tunnelen mellom Leirgulen og Bortnen. I tillegg blir det ny veg og tunnel frå Bortnen til Sørdalsvatnet.
Samla kortar dette avstanden frå Bremangerlandet til Svelgen med 40 kilometer, eller kring 45 minuttar i reisetid.
Misser søvn
Dermed er det altså ikkje behov for sambandet der skipper Kjerpeset har vore i teneste sidan april 1975. Kring tre månader etter at ferjesambandet kom opp å gå.
Men det var det ikkje alle som visste i morgontimane torsdag.
(Artikkelen held fram under videoen)
SJÅ TV-SAK: Ein epoke er slutt når Førdefjord klappar til kai for siste gong 16. mai.
– Eg har vel høyrt det, men har ikkje tenkt så mykje over det før du sa det, fortel Nistad-sjåfør Ståle Lien før sin siste tur med Førdefjord.
– No blir det ein del lengre å køyre og så misser eg ein halvtimes søvn på ferja. Men det går sikkert bra det også, humrar Lien.
Skal til Sogn
For Kjerpeset er dagen i dag truleg hans siste i teneste på ei ferje. Dei siste åra har han vore pensjonist, men Fjord1 har likevel hatt behov for tenestene hans.
Medan Kjerpeset truleg forlet styrehuset for godt i ettermiddag, tek matros Knut Vidar Sætre turen til Sogn og Dragsvik-sambandet.
– Nei, det er ikkje særleg kjekt å tenkje på at det er siste dagen. Det har vore eit kjekt samband å vere på, seier Sætre.
Førdefjord til sals
Førdefjord tok i 1992 over frå Værøy på den tidvis vêrharde Frøysjøen.
– Det har vore gode sjøbåtar, både Førdefjord og Værøy. Dei har klart seg veldig bra. Det er ikkje mange dagar ferja har vore innstilt, seier Kjerpeset.
Når ferja i dag slepp i land dei siste bilane, står interessentar klar til å kjøpe bilferja. Truleg går turen til Karibia.
– Ho er lagt ut for sal og dei seier det kjem folk i slutten av mai for å sjå på den. Folk har vore interesserte i å få den ned til Karibia, seier skipper Kjerpeset.