Hopp til innhold

Hus brann ned til grunnen på Kaupanger

Eit bustadhus har brunne ned til grunnen på Kaupanger. Ifølgje politiet skal det ikkje ha vore folk i huset.

Eit bustadhus brann ned til grunnen på Kaupanger i natt.

ØYDELAGT: Huset vart totalskadd i brannen på Kaupanger i natt, men det skal ikkje ha vore folk i huset.

– Ifølgje naboar skal dei som eig huset vere på ferie, så det var ingen personar i huset, fortel Wenche Hope ved Politiets operasjonssentral.

Det skal bu fem personar i huset, og det har ikkje lukkast politiet å kome i kontakt med familien.

Meldinga om brannen kom kring klokka 01:30, og det var ei stund stor spreiingsfare. Huset, som ligg i eit byggefelt, ligg tett opptil ein garasje og andre nabohus. Det var ein nabo som melde frå om brannen.

Arbeidet med ettersløkking av brannen held fram tysdag morgon.

ETTERSLØKKING: Brannvesenet held framleis på med ettersløkking etter bustadbrannen natt til tysdag.

Foto: Torben Stedje

– Ein nabo melde frå om at det brann på utsida av huset. Huset var overtent då brannmannskapane kom på plassen. Vi fekk rimeleg raskt kontroll over brannen, og vi hadde høg prioritet på å hindre spreiing, fortel Frode Korneliussen ved Alarmsentralen.

Det er førebels uklart kva som er årsak til brannen.

– No held vi fram med ettersløkking og kjøling av branntomta, og det vil vi halde på med ut over dagen, seier Korneliussen.

Det var ei stund stor fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar.

BRANN: Brannvesenet held fram ettersløkking av brannen ut over dagen.