Hopp til innhold

Alle fire er redda ut av huset som var omringa av elv

Fortundalselva fløymde over og sperra fire personar inne i eit hus i Fortun. No er alle berga ut.

Familie berga ut frå flaumen

BERGA: Alle dei fire vart berga etter ei lang aksjon i natt.

Foto: Jan Idar Øygard

– Brannvesenet køyrde ein båt langs vinsjen. Først fekk dei ut ein person, også redda dei ut dei tre siste etterpå. Det verker som det går greitt med alle saman, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Terje Magnussen til NRK.

Politiet fekk melding om at dei fire bebuarane ikkje kom seg ut klokka 3.40. Naudetatane har jobba i heile natt med å redde ut familien. Dei kom seg ikkje ut då Fortundalselva gjekk over sine breidder og fløymde inn i kjellaren.

Klokka halv ni søndag morgon fekk dei endeleg ut alle som var i huset.

Fortun

MYKJE VATN: Slik så det ut søndag morgon.

Foto: Tage Skjåk Moen

Bergingsmannskapet prøvde fleire metodar for å redde ut dei fire i huset, men utan å lykkast.

– Vi har prøvde med traktor, ATV og andre ting, men det har ikkje fungert. No prøver vi ein brannbil med ein vinsj festa i eit tre på den andre sida for å føre fram ein båt slik at dei kjem seg ut, seier Magnussen.

Alt mannskap og utstyr er no på trygg grunn etter bergingsaksjonen.

Fortun
Foto: Tage SKjåk Moen
Flom på Innlandet og Vestlandet