Hopp til innhold

Eigar: – Minner har gått tapt

Huset til Ove Raunholm på Fitjar har brent ned til grunnen. – Naboen min ringde og sa at huset mitt stod i full fyr.

Husbrann Fitjar

LITE IGJEN: Berre grunnmur og skorstein er igjen av huset på Nordre Raunholm.

Foto: Andrea Celine Kjenes

Ein einebustad på Austrebøen på Fitjar har brent ned til grunnen.

Eg fekk telefon frå naboen då eg var på veg til å gå tur i Sagvåg, fortel Raunholm.

Naboen fortalde at huset stod i full fyr, og at det var nesten ingenting er igjen. Naboen ringde også brannvesenet.

Ove Raunholm

BUDDE I HUSET: Ove Raunholm (68) budde åleine i huset som brann ned til grunnen i ettermiddag.

Foto: Privat

– Eg fortsette turen for å roa meg ned, fortel Raunholm.

– Minner har gått tapt

Klokka 16.19 fekk politiet melding brannen på Nordre Raunholm i Fitjar kommune.

Ingen personar er skada, og det er ikkje fare for at brannen blir spreidd.

Raunholm bur åleine i huset.

– Det er klart at det er ein del ting som har gått tapt. PC, minnebrikker, bilete på veggen. Huset i seg sjølv er no så som så.

Heldigvis har Raunholm kopiar på lur.

– Eg hadde mange bilete på ein minnpenn som er borte hos tante. Eg har jo tapt nokre, men har mange igjen.

– Kvir meg ikkje til å sjå

Raunholm var på veg heim frå Sagvåg på Stord då NRK ringde.

– No er eg og handlar inn ting og tang som eg trenger. Tannkost og slikt. Der er sikkert ledige rom både her og der. Eg har alle fall tre alternativ på Raunholm.

Raunholm skal også bort og sjå på skadane.

– Eg kvir meg ikkje. Eg er så gammal, og har sett så masse at eg ikkje får slike reaksjonar lenger. Men kanskje. Eg veit ikkje.

Brannetaten er framleis på staden, for å vera sikre på at flammane ikkje slår opp att, melder avisa Sunnhordland.