Hopp til innhold

Ventar dobling i talet på cruisepassasjerar

Flåm har takka nei til 30 cruiseskip til sommaren. Dei neste ti åra vil talet på cruisepassasjerar doblast. Ei ny cruisekai hastar, meiner reiselivssjef.

Flåm med cruiseskip

KRISE FOR CRUISE: Turistbygda Flåm må seie nei til 30 cruiseskip neste sommar fordi kapasiteten er sprengd. Det hastar med ei kai nummer to i bygda, meiner reiselivssjef.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Cruiseskipet Costa Magica i Flåm

DOBLING: Reiselivssekspertar ventar at talet på cruisepassasjerar vil bli dobla i løpet av dei neste ti åra.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Cruisetrafikken til Flåm når nye høgder neste år, med i alt 151 cruiseskip som kjem til bygda. Hamnesjefen har sagt nei til 30 skip, og kapasiteten på Flåmsbana er sprengt.

– Eg synest at vi no må tenke på ei ny kai i Flåm. Får ein meir trafikk så skapar dei andre opplevingsprodukta og dei andre aktivitetane seg sjølv, seier Arthur Kordt.

Ti prosent auke

Hamnevesenet og kommunen har fleire område til vurdering for ny kai, men sentrale aktørar i cruisebransjen synes det går for seint.

Særleg fordi veksten i talet på cruisepassasjerar vil stige kraftig dei komande åra.

– Dei som investerer i cruiseskip, dei trur på ein årleg vekst i Europa på rundt ein ti prosent.

Støtte frå kommunen

Noralv Distad

STØTTE: Nyvald ordførar og tidlegare reiselivssjef i Aurland, Noralv Distad, forstår at det hastar med ei cruisekai nummer to.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mangeårig reiselivssjef i Aurland, og nyvald ordførar, Noralv Distad, forstår godt at næringa vil ha fortgang i arbeidet med ei cruisekai nummer to.

– Eg er einig i at det er viktig å få på plass ei cruisekai nummer to. Det mest sannsynlege alternativet er at den blir etablert i Aurland.

Ordføraren meiner at kommunen og reiselivet i lag er nøydde til å finna ei god løysing, nettopp for å unngå at ein må seia nei til enda fleire skip i åra framover.

– Det er klart at når det per i dag er skip som vil komme, men som vi ikkje har plass til å ta i mot, så seier det seg sjølv at vi ikkje har råd til å avvise kundar som vil besøke oss.

Arthur Kordt si oppmoding til kommunen er klar på at dei må bygge ei ny kai og seie ja til mest mogeleg. – Det vil sikre ein naturleg vekst.