Turen over Gaularfjellet til Balestrand og Kviknes Hotel er berre ein liten del av ei lang rute for «Triumph European Meeting & Tour» som i år vert arrangert i Norge.
Bilelskarane frå land utanfor Norge var imponerte over kva dei norske arrangørane hadde å vise fram.
Bilar frå ti land
Kvart år samlast entusiastiske bileigarar frå heile Europa med sine Triumph TR-bilar, til ei felles helgesamling med rundtur i ulike europeiske land. I år var Norge for første gong arrangør.
– Det ligg eit omfattande arbeid bak dette opplegget. Tre år med marknadsføring har gitt oss 125 påmelde bilar frå Tyskland, England, Sveits, Austerrike, Belgia, Nederland, Danmark, Sverige og Norge. Vi har til og med ein deltakar frå New Zealand, seier pressetalsmann i den norske Triumph-komiteen, Bjarne Refsnes.
(Saka held fram under biletet)
Opplevingsrik reiserute
Dei fleste har ei lang reise framfor seg allereie før start, men i Norge startar ruta på Beitostølen. Derifrå gjekk turen vidare til Valdresflya, Lom og vidare til Grotli og Geiranger.
Deretter køyrde dei Trollstigen før ferda gjekk langs gamle Strynefjellsvegen, over fjellet og ned til Stryn, og vidare til Loen og til Balestrand over Gaularfjellet.
Etter eit opphald på Kviknes Hotel køyrer følgjet vidare over Vikafjellet til Stalheimskleivane og over den nye Hardangerbrua til Lofthus. Returen til Oslo går via Låtefoss, gamle Rølldalsvegen og gamle Haukelifjellveg til Haukeliseter, der arrangementet avsluttast.