Mette overlevde Utøya: – Eg snudde meg og såg vener verta drepne

Høyr historia til Mette Valle (20) frå Lindås som hoppa på sjøen for å koma seg vekk frå skytedesperadoen på Utøya.

Montasje Utøya og Mette Valle

LA PÅ SVØM: – Overlevingsinstinktet slo inn, og eg tenkte at eg prøver å svømma. Og viss ikkje det går, så har eg i alle fall gjort eit forsøk, seier Mette Valle (20) om kva ho tenkte då ho hoppa på sjøen medan skytedesperadoen herja på øya.

Foto: Sølve Rydland/Montasje / NRK

– Skytinga haldt fram. Det kom nærare. Me sprang, vassa og svømte. Til slutt fann eg ut at eg måtte leggja på svøm for å koma meg vekk frå øya, og det gjorde eg, seier 20-åringen.

Valle fortel at ho aldri kjem til å gløyma synet av vener som brutalt vart skotne ned.

– Eg kom meg såpass langt vekk frå øya at han mest sannsynleg ikkje hadde klart å skyte meg om han hadde prøvd. Men eg snudde meg, og såg vener verta drepne. Det er heilt ufatteleg, fortel ho.

Valle var ei av 25 frå Hordaland som var på AUF sin sommarleir på den vesle øya i Buskerud.

Video Ofrene svømmer fra Utøya

VIDEO: Sjå offera symja vekk frå Utøya.

Til no har det vorte opplyst at 93 personar skal ha vorte drepne etter terrorangrepet på Noreg.

Sju av desse skal ha mista livet etter bombeeksplosjonen i Oslo, medan dei 86 andre på AUF sin sommarleir på Utøya.

Måndag føremiddag seier derimot politiet at dødstalet etter skytemassakren på Utøya kan verta nedjustert.

Den Blå Steinen

Den Blå Steinen i Bergen er overaust med lys og blomar frå folk som vil visa støtte og medkjensle.

Foto: Hanne Marie Molde / NRK