Hordalands-avtalen får leve

Ordninga som gjer at elevar frå til dømes Gulen og Solund kan gå på skule i nabofylket får framleis leve, i alle fall inntil vidare. Avtalen kostar 1,6 millionar kroner i året, og har figurert på mange kuttlister. Sist veke avgjorde det fylkeskommunale finansutvalet at ordninga skal leve vidare ei stund til. Ordninga kan likevel hamne på kuttlista når fylket skal spare 230 millionar over fem år.