Målet er å finne meir nøyaktige måtar å påvise giftstoff i skjell, slik at forbrukarane kan stole på produkta. Havforskingsinstituttet med fleire står bak prosjektet, og mykje av jobben skal skje i Sogn, seier førsteamanuensis Peter Hovgaard.
1,4 millionar kroner skal Norsk forskingsråd bruke kvart år i tre år for å komme eit steg vidare med å løyse giftproblema for skjelldyrkarane. Forsking så langt har ført til at ein kan skilje ut giftige skjell, men medtoden mellom anna med den såkalla musetesten, er for unøyaktige.