Hopp til innhold

Vil ha ekstra bompengar for dieselbilar

Hordaland Høgre går inn for dyrare bompengar for dieselbilar i Bergen.

Trafikk på Åsaneveien i Sandviken ved NHH
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Vedtaket blei gjort på Hordaland Høgre sitt fylkesårsmøte i går, skriv Bergensavisen.

Fylkesvaraordfører Tom-Christer Nilsen

Auken må vera vesentleg viss det skal virka, seier Tom-Christer Nilsen

Foto: Leif Gunnar Vik / NRK

– At ein stor SUV med dieselmotor må rekna med å betala 50 prosent meir er ikkje usannsynleg. Skal dette virka, må auken vera vesentleg, seier Tom-Christer Nilsen, som er Høgre sin fylkesordførarkandidat i Hordaland.

Dieselbilar er ei viktig kjelde til utslepp av helseskadelege NOx-gassar.

Høgre-leiar Erna Solberg var tilstades på møtet, men er ikkje begeistra for vedtaket.

– Eit tilsvarande forslag blei nedstemt i Oslo, seier Solberg.

Det er sannsynleg at også Bergen Høgre på sitt årsmøte vil gå inn for dyrare bompengar for dieselbilar.

Kva meiner du om dyrare bompengar for dieselbilar?