Hopp til innhold

Høgre-striden framleis uløyst

Trass eit tre timar langt møte med intense diskusjonar, klarte ikkje fylkesstyret i Høgre å løyse den betente striden i Flora Høgre.

Jacob Nødseth
Foto: Bård Siem / NRK

No skal Bjørn Lødemel mellom anna møte leiinga i Flora Høgre for å prøve løyse konflikten med Jakob Nødseth.

Det fortalde Lødemel like etter fylkesstyremøtet tysdag kveld.

- Har vedteke prosess

- Vi har vedteke ein prosess der første steget er at vi skal ha eit møte mellom leiinga i Flora Høgre og Jacob Nødseth og meg som fylkesleiar for å diskutere dei tinga som ligg der. Møtet skal vi ha om ikkje så alt for lenge.

Kraftig kritikk

Stemninga var til å ta og føle på då styret i Sogn og Fjordane Høgre samla seg til møte i Firda Billag-bygget i Førde tysdag kveld. Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til vart det ein intens debatt der både Jacob Nødseth og Berit Seljeseth Osa fekk kraftig kritikk. Det vart sagt rett ut at striden i Flora Høgre må stansast straks dersom Høgre sin stortingsvalkamp ikkje skal bli sterkt skadelidande.

Har kjent seg mobba

Det har vore meir eller mindre kontinuerleg strid i Flora Høgre sidan Berit Seljeseth Osa vart leiar for tre år sidan. Ho lanserte Edith Årebrot Madsen som stortingskandidat mot fylkesleiar Bjørn Lødemel, og tapte. Ho gjekk i mot at Jacob Nødseth skulle få andreplassen, og tapte. Ho støtta ordføraren i Flora og ikkje Nødseth i saka om det lukke bystyremøtet. Nødseth sa på årsmøtet i lokallaget at han har kjent seg mobba.

Det har lenge vore ein isfront mellom lokallagsleiar Berit Seljeseth Osa og unge Nødseth, men det har blitt løfta til nye høgder den siste tida, etter at det vart hevda at Nødseth har skreve ei støtteerklæring til seg sjølv, signert Frp. Og no har altså fylkesstyret gått inn i saka.

Seljeseth Osa utan kommentar

Berit Seljeseth Osa drog frå møtet utan å gje nokon kommentar til NRK. Jacob Nødseth hadde denne kommentaren:

- Eg opplever at det vedtaket som er fatta og den semja som er i fylkessstyret no og som fylkesleiaren har lagt grunnlaget for, den skaper grunnlag for ein vidare positiv og konstruktiv dialog i Flora Høgre som vil bidra til å legge lok på ein del ting og syte for at fokuset igjen blir politikk.

Lødemel som meklar

Fylkesleiar Bjørn Lødemel vil i tida som kjem nærast få ei meklarrolle i den interne striden i flora Høgre.