Og størst prosentvis stryk fekk andrekandidat Jacob Nødseth. I alt 225 personar sette strek over namnet hans. Det er nær 3,2 prosent av dei som stemde på Høgre.
- Det tykkjer eg er svært godt å leve med, seier høgrepolitikaren frå Flora.
- Vågar å meine
Til samanlikning hadde kring 260 personar stroke Ingrid Heggø og Tor Bremer på Ap-lista. Det blir berre 1,5 prosent av veljarane til partiet. Liv Signe Navarsete hadde berrre 59 strykningar. Senterpartiveljarane var dei som brukte retteblyanten minst.
- Vi har politikarar som ikkje vågar å seie noko, mellom anna av frykt for å bli strokne. Eg er ein politikar som, slik eg sjølv vurderer det, vågar å meine noko og står for det eg seier, legg Nødseth til.
Få nytta retten
Veljarane har høve til å stryke namn på stortingslistene, og dei kan flytte personar opp og ned på lista. I alt var det her i fylket 5 422 veljarar som gjorde det ved årets stortingsval. Det er ifølgje Knut Henning Grepstad, sekretær for fylkesval-styret, eit veldig lite tal.
- Eg meiner at det ikkje er mogleg å sjå noko politisk tendens, eller eigentleg noko konsekvensar i det heile, av dette, seier han.
Over halva må stryke
Høgreveljarane var dei "mest aktive" til å nytte denne retten med 13,5 prosent. Kring 11 prosent av venstreveljarane og Frp-veljarane retta på lista, menda åtte-ni prosent av veljarane frå SV, KrF og Ap nytta blyanten. Berre vel seks prosent av senterpartiveljarane fann grunn til å endre på lista.
Berre for å nemne det, halva av dei som stemmer på eit parti, må stryke eller endre ein kandidat om det skal ha noko betydning.