Hopp til innhold

Høgre kan få åtte ordførarar

Høgre har gjort eit brakval i kommunestyrevalet i Sogn og Fjordane. Partiet får truleg ordføraren i åtte kommunar i fylket.

Noralv Distad og Bjørn Lødemel

VALVINNARAR: Noralv Distad frå Aurland og fylkesleiar Bjørn Lødemel gler seg over gode Høgre-resultat.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var latter og breie smil i høgreleiren på den store valvaka i Førde. Åtte nye blå ordførarar i Sogn og Fjordane var meir enn fylkesleiar Bjørn Lødemel torde å håpa på.

– Det har blitt så mange av dei at vi har nesten ikkje kontroll. Vi har jo fått Askvoll, Aurland, Balestrand, Gaular og Vågsøy. Ikkje minst har vi eit fantastisk val i Stryn med over 30 prosent. Det er jo heilt fantastisk, seier Lødemel.

Trur det blir moro

Dei nye høgreordførarane var omsverma av journalistar. Ein av dei var Noralv Distad i Aurland.

– Det er ein fantastisk framgang for oss. Det blir mange ordførarar og varaordførar rundt om, så dette blir moro framover.

Håper på klubba i Florø og Førde

Høgre gjorde eit brakval også i Hornindal og Solund med over 30 prosent av røystene, men der makta dei truleg ikkje å slå kloa i ordførarklubba.

I Førde og Flora kunne høgrefolka derimot applaudera. I begge sunnfjordsbyane blir det truleg blå ordførar, sjølv om Olve Grotle i Førde ikkje torde å sleppa jubelen laus.

– Men det er klart at når vi gjer vårt beste val nokon sinne her, så er det veldig gledeleg, seier Grotle.

Høgre har i siste periode hatt to ordførarar i Sogn og Fjordane. Det er Einar Målsnes i Balestrand og Edvin Haugen i Hornindal.