Hopp til innhold

Høg temperatur under student-debatt i dag

I dag møttest BT – kommentator Mathias Fischer og Tormod Carlsen, leiar i Sydnes-og Nøstet velforeining, til debatt i P1. To rykande ueinige partar debatterte studentane sin plass i Bergen.

Fischer og Carlsen

HØYR DEBATTEN I P1: BT-kommentator og student Mathias Fischer møtte i dag Tormod Carlsen i Sydnes-og Nøstet velforeining for å diskutere Fischers BT-kronikk i dag. Fischer meiner velforeininga i årevis har ført ein krig mot Bergens studentar.

Foto: NRK

Når ein ikkje ønskjer studenbustadar eller universitet i sentrum, så blir jo resultatet at studentane ikkje er velkomne.

Mathias Fischer

Bør fleire eller færre studentar bu i Bergen sentrum? Det var tema då BT – kommentator Mathias Fischer i dag møtte leiar i Sydens – og Nøstet elforeining til debatt i Hordaland i dag på P1.

I ein kronikk i BT i dag, skildra kommentator og student Mathias Fischer det han meiner er Sydnes – og Nøstet velforeining sin krig mot byens studentar.

Han syner til fleire innlegg velforeininga har hatt på trykk i avisa, der dei ifølgje Fischer argumenterer for å flytte studentbustadar og deler av Universitetet i Bergen ut av sentrum.

Studentbustad

FLEIRE SLIKE? Det er mangel på studentbustadar i Bergen sentrum. Men kvar skal dei nye byggast?

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Når ein ikkje ønskjer studentbustadar eller universitet i sentrum, så blir jo resultatet at studentane ikkje er velkomne. Då meiner eg me er i ferd med å skape ein by eg ikkje har lyst å bu i, seier Fischer.

– Me har ingenting i mot studentar

Eg leier ut til studentar sjølv, og har ikkje noko i mot at dei bur i sentrum.

Tormod Carlsen

Tormod Carlsen, leiar av Sydnes-og Nøstet velforeining, er rivande ueinig i at debattinnlegga deira kan lesast som at dei ikkje ønskjer studentar i Bergen sentrum.

– Eg leier ut til studentar sjølv, og har ikkje noko i mot at dei bur i sentrum. Men det me tykkjer er rart er at staten stiller med millionar av kroner for å bygge studentbustadar i Bergen, og så blir dei ikkje bygd fordi studentane seier dei ikkje vil bu utanfor sentrum.

– Studentpolitikarane seier at alle sviktar studentane, men aldri før har studentane fått så mykje pengar frå staten, og aldri før har dei fått tilbod om gratis tomter frå Bergen kommune, seier Carlsen.

Velforeningsleiaren meiner tomtene i Bergen sentrum ikkje bør bli brukt til å bygge studentbustadar, men til å bygge barnehagar.

– Det me kjempar for er barnehageplassar i sentrum, og plassar å bu for småbarnsforeldre. Viss ein ikkje opnar for å bygge barnehagar i sentrum, så flyttar småbarnsforeldra ut, og då kjem studentane til å fullstendig overta Bergen sentrum.

Fryktar Bergen skal bli ein «velforeningsby»

Studentsenteret

STUDENTSENTERET: Er Sydnes-og Nøstet velforeining positive til å ha studentar i sentrum? Nei, meiner BT-kommentator Mathias Fischer.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Fischer er ikkje ueinig i at Bergen sentrum skal vere ein stad både for studentar, eldre og folk med og utan barn.

– Det eg reagerer på er haldninga, og summen av forslag og meiningar, som har komme frå denne velforeininga. I sum tyder desse innlegga på at studentane ikkje er ein skvett velkomne i sentrum, seier Fischer.

Han er redd Bergen vil utvikle seg til å bli det han kallar ein «velforeningsby».

– I velforeningsbyen ser ein dei i fast arbeid sykle til jobb og så tilbake 8 timar seinare. Der er det på dagtid berre pensjonistar og folk i foreldrepermisjon i byen, og på kveldstid er det ikkje nokon som nyttar seg av kulturlivet i byen, eller kafeane i sentrum.

Høyr heile debatten i klippet øvst i saka