Høg straumpris kan stengje kyrkjer

Kyrkjer kan måtte stenge på grunn av sprengkulde og høge straumprisar.

Video Må kanskje vinterstenge

SJÅ TV-SAKA: Må kanskje vinterstengje kyrkjer i Eid.

I Eid vurderer no kyrkjeverjen å stenge ei rekke kyrkjer om situasjonen med kulde og rekordprisar held fram i år.

Kristen Hundeide

UROA: Kyrkjeverje Kristen Hundeide fortvilar over at kyrkjer kanskje må stengast.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kyrkjeverje i Eid, Kristen Hundeide, står i Stårheim kyrkje og er uroa. Ute er det minusgrader og snøen ligg i dungar ved kyrkjetrappa.

– Det ville vere ei tragedie for bygda om kyrkja må stengjast.

– Ei betent sak

Vinteren har vore streng og straumprisane rekordhøge. Berre i Eid kommune blir det no brukt 250 000 kroner i året for å halde kyrkjene varme, no vurderer det kyrkjelege fellesrådet å stenge dei minste kyrkjene om vinteren.

Leiar Marit Botn Lefdal seier det kan bety at folk må bruke grendeskular eller bedehus for å halde gravferdseremoniar om vinteren.

– For dei som vil bruke kyrkja til gravferd så er det betent, men må vi, så må vi. Då må vi snakke vi med pårørande og finne moglegheiter. Til no har har vi klart å varme opp kyrkjene og dei har fått brukt gravplassane.

Finns kanskje ikkje pengar til hausten

Stårheim kyrkje

KAN BLI STENGD: Det kostar mykje pengar å varme opp ei iskald kyrkje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Men det kan altså bli trøbbel med å greie straumrekninga i framtida. Sprengkulde og høge straumprisar har i vinter kosta norske kommunar så mykje som ein halv milliard kroner.

Også kyrkja får merke rekninga. Kyrkjeverje Kristen Hundeide seier dei greier å halde kyrkjene opne denne vinteren, men held den strenge vinteren fram fins det kanskje ikkje pengar til å halde alle opne frå hausten av.

– Vi har bak oss litt over ein månad og vi må følgje med framover. Når våren kjem, må vi sjå kor mykje av budsjettet vi har brukt og sjekke at vi har nok reservar til det siste halvåret. Dersom vi ikkje har det, må vi vurdere tiltak.

Likar ikkje tanken

Nede ved fjorden i Kjølsdalen ligg den kvitmåla kyrkja bada i vintersol. Her har folk blitt døypte, gifte og fått sin siste kvilestad sommar som vinter i vel 80 år. Reidar Erviksæter og Frank Rye likar ikkje tanken på vinterstengd kyrkje.

– Vi blir skuffa. Vi har så mykje pengar i dette landet at dette har vi råd til.

Tre døgn for 45 minutt

Men sjølv om folk er glade i kyrkjene sine, er dei likevel lite brukte. Kristen Hundeide seier det krev mykje energi og varme opp ei kyrkje til dømes til ein gravferdseremoni som varer i 45 minutt.

– Dersom kyrkja er heilt nedkjølt og det er kaldt ute, har vi måtte ha full varme i døgn i forvegen. Då går takstameterer fort og det kan vi ikkje gjere mange gonger i løpet av eit år.

Håper på høgare makter

Hundeide fastsler at stenging av kyrkjer er det absolutt siste tiltaket dei vil gripe til, men seier det likevel kanskje blir einaste utveg.

Leiar i fellesrådet Marit Botn Lefdal kan måtte ta den tunge avgjerda om å stengje nokre av dei fire kyrkjene i kommunen, no håpar ho at høgare makter vil velsigne distriktet med litt mildare ver.

– Det håper eg verkeleg, det at kyrkja er tilgjengeleg er noko som ligg djupt i folk.