Hopp til innhold

Ho vart nyttårsbarnet

Årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane kom til verda på Nordfjord sjukehus.

Nyttårsbarnet 2009 i Sogn og Fjordane

Dne vesle jenta kom litt etter termin, og vart dermed nyttårsbarnet på nordvestlandet. Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Jenta vart fødd klokka 01.16 og var 4250 gr tung og 53 cm lang. Dei stolte foreldra er Angela Hayles og Tore Helge Båsund som bur på Sandane.

- Alt står bra til med alle tre, seier pappaen som fortel om ein fødsel som gjekk relativt greitt.

- Men vi er slitne no, for vi la oss ikkje før i fire-tida. Men her vi sjukehuset får vi godt stell og vi føler oss veldig velkomne her.

Etter termin

Den offisielle terminen var 25. desember, medan Angela sin eigen var 5. januar. 30. desember var dei inne til kontroll og då var det teikn som tyda at noko var på gang. Men det gjekk likevel ei god stund før jenta kom til verda.

Namnet er ikkje klart

Dette er det andre barnet til paret frå Gloppen. Frå før har dei ein gut på 22 månader. Han fortel at jenta ennå ikkje har fått noko namn, men at dei har nokre alternativ.

Ho vart også det første nyttårsbarnet på Nord-Vestlandet. Det første nyttårsbarnet i landet kom til verda ved Rikshospitalet i Oslo berre 45 sekund inn i det nye året.

Angela Hayles og Tore Helge Båsund

Angela Hayles og Tore Helge Båsund med den vesle jenta. Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet