Hopp til innhold

Ho er frelst på rå mat

Vi har alle høyrt om "fast food" og " slow food", men Tone Andal frå Vågsvåg i Vågsøy slår eit slag for "raw food".

Tone Andal lagar juice av gulrot, appelsin og sitron. Sunt og ikkje minst godt.

Tone Andal lagar vegetarisk juice. Foto: Karl Kristian Langeland, NRK.

Dette er altså mat som ikkje skal kokast. Dette er det kjekt å drive med, og ikkje minst er det sunt, seier Tone Andal.

– Det gjer ei kjempeteneste for kroppen, det gjer at kroppen blir frisk og fin frå innsida til utsida. For meg er det og viktig at det er dyrevenleg og miljøvenleg, og så smakar det heilt fantastisk, eg blir heilt hekta.

– Vitaminane døyr over 40 grader

Og ho er ikkje i tvil om at ho skal greie å få kjøtelskarar til å bli like hekta. Det handlar om mellom anna frukt, grønsaker, nøtter, frø, kaldpressa oljar og diverse eksotiske bær.

– Denne maten er ikkje varmebehandla. Grunnen er at næringsstoffa i maten blir brotne ned når maten blir varma opp. Over 40 grader døyr vitaminane og minerala. Et vi rå grønsaker og frukt får kroppen i seg mykje liv, og då får kroppen sjanse til å helbrede seg sjølv på ein spesiell måte.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kjøleskapet til Tone Andal

KJØLESKAPET: Innhaldet i kjøleskapet til Tone talar for seg sjølv…

Foto: Karl Kristian Langeland (MMS-foto) / NRK

Et ikkje berre kald mat

Men dette betyr ikkje at dei som sver til rå mat berre et kald mat.

– Eg har ein dehydrator, ein lufttørkeomn som varmar opp til 40 grader og trekkjer ut væska i maten, og då blir det litt lunka, men maten blir ikkje kokt og steikt.

Og Tone Andal har fått familien med på matvanane sine.

– Kjærasten min elskar å ete raw food, det same gjer ungen min. Det handlar om å ete meri frukt og grønsaker på ein annleis og meir spennande måte.

– Kroppen jublar!

Men ho er ikkje så fanatisk at dei ikkje et varm mat.

– Det er svært få som er 100 prosent raw food. Mellom anna er det vanskeleg å få tak i gode råvarer på våre kantar, og om vinteren er det godt å ha noko varmt i kroppen. Ungen min får vanleg mat, men ekstra mykje frukt og grønsaker.

I ei juicepresse har ho blanda økologiske eple, gulrøter, raudbetar og appelsin.

– Dette er fantastisk, kroppen jublar!

(Artikkelen held fram under biletet).

Sjokolade - og den er sunn...!

SUNN SJOKOLADE: Heilt naturleg sjokolade som faktisk skal vere sunn! Sjokoladen er laga av rå kakao og avokado som inneheld alt vi treng av næringsstoff, fortel Tone Andal.

Foto: Karl Kristian Langeland (MMS-foto) / NRK

Vil starte eiga bedrift

– Er raw food ein moteting som blir blese opp og blir kult og trendy, og så går det over etter kvart?

– Nei, det trur eg ikkje. Dette er noko som har bygd seg opp over ca. 30 år frå USA. Der er det ekstremt populært, kjendisane sver til det, restaurantar og kafear over heile USA driv med det, og no spreier det seg til Europa, og i Oslo har det teke heilt av.

No vil Tone Andal prøve å frelse folk i Sogn og Fjordane på den nye mattrenden, og ho meiner vesle Vågsvåg er eit godt utgangspunkt for det.

– Absolutt. Eg har halde nokre kurs, og folk er interesserte. Eg har tenkt å livnære meg på dette, eg vil starte eiga bedrift og reise rundt i Sogn og Fjordane og halde kurs, drive catering og levere frukt og grønsaker heime hjå folk.

– Men Sogn og Fjordane er eit kjøtfylke, trur du at du greier å overtyde trauste sogn og fjordingar om at det er rå mat som gjeld?

– Kanskje ikkje dei trauste i Sogn og Fjordane, men det finst andre som er meir interesserte i vegetarmat, så marknaden er der.