Innsendt av Gerd og Jon Nese frå Vik i Sogn
* 5,5 kg hjortekjøt (kva som helst del av skrotten)
* 0,5 kg kjøpe-kjøtdeig
* 1,2-1,5 kg spekk
* 6 ss skårekong eller 5 ts oregano
* 140 g salt
* 1,5 l god kjøtkraft
* 1 ts pepar
* 20 ss potetmjøl
* Tarmar til pølseskinn. Kjøpes på matbutikk eller slakteri.
Mal kjøtet, kjøtdeigen og spekket ein gong på kvern. Bland (elt) krydder, salt, potetmjøl og kjøtkraft godt i lag. Lag så pølsene gjennom pølsetut på kverna. Oppskrifta gir om lag 15 pølser a 0,6 kg.
Trekk pølsene (oppå) i lag med kålrabi i 25-30 minutt. Server pølsene med kålrabistappe og poteter.