Dale Oen symde på 59,16 sekund, noko som heldt til bronsemedalje under meisterskapet i Shanghai i Kina.
Det er Noregs første VM-medalje i symjing sidan Lene Jensen tok sølv på 100 meter fri i 1978.
Ukrainske Oleg Lisogor vann på 58,14 sekund, medan sølvet gjekk til australske Brenton Rickard med 58,70 sekund.
21 år i dag
Dale Oen tok bronsen med knappast mogleg margin på 21-årsdagen sin.
Italienske Alessandr Terrin på 4. plass var berre 0,01 sekund bak nordmannen.