Hopp til innhold

Historisk godt år for Fjord1

Fjord1 kan sjå attende på eit historisk godt år.

Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland.

REKORD: På tampen av fjoråret selde Fjord1 godsdivisjonen til Firda Billag. I dag la Fjord1 fram eit historisk godt resultat for 2010.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I dag presenterte konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, tala som viser ein omsetnad på over tre milliardar - og eit resultat på 268 millionar kroner før skatt.

Resultatet er ei forbetring på nær 170 millionar kroner i høve 2009.

- Vi ser nokre gule og raude lamper, men er veldig nøgde med det vi ser i spegelen, seier Øverland.

Taper mange stader

Selskapet med over 2000 tilsette har mellom anna tent pengar på sal av skip og eigedom, men Øverland legg til at dei ser utfordringar framover på grunn av den høge oljeprisen. Dei siste seks månadane har oljeprisen auka med 30 prosent.

Fjord1 slit også med å tene pengar på ein del samband.

- Vi har nokre samband i fleire fylke der vi taper penger. Det er krevjande. Av konkurransemessige omsyn går vi ikkje ut med kva samband det er, seier Øverland.

Satsar miljø

Konserndirektøren seier omstilling og sal av eigendelar utgjer 140 millionar kroner av det gode resultatet.

I tillegg til at bussdrifta går godt, er Fjord1 eit av norges største ferjeselskap.

- Vi ser at styresmaktene stiller tøffare og tøffare krav til miljø og det gledelege er at der vi er fremst på det har vi også best resultat. Vi byggjer verdas største gassferje som skal inn på E39 mellom Bergen og Stavanger på slutten av året. På desse to sambanda tener vi pengar. Det er navet i Fjord1, seier Øverland.

Ser nordover

Fjord1 har dei siste åra ekspandert sørover langs norskekysten. Øverland utelukkar ikkje at dei i framtida også blir å finne i nord.

- Det er faktisk slik at dei fleste nye anbod som kjem no, er nordover. Vi skal også vere med der, men vi må samstundes stikke fingeren i jorda og sjå at vi har avgrensa med kapital. Vi har frigjort mykje i 2010, styrka vår eigenkapital med 319 millionar kroner i fjor, det var naudsynt, seier han.