Hopp til innhold

Kjøper godsdivisjonen til Fjord1

No blir Firda Billag eit av dei største godsselskapa på Vestlandet.

Adm. dir i Firda Billag, Peder Midthun.

TRYGGE ARBEIDSPLASSAR: Administrerande direktør Peter Midthun meiner aktørane passar godt saman aktivitetsmessig.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Firda Billag kjøper selskapet Fjord1 Transport og vert, med godkjenning frå bedriftsforsamlingane i selskapa, eit av dei største godsselskapa på Vestlandet, heiter det i ei pressemelding frå dei to transportselskapa.

Samla får selskapa om lag 300 millionar i omsetnad, 180 godsbilar og vel 270 medarbeidarar. Overtaking skal skje ved årsskiftet.

Er nøgde med løysinga

- Dette er to aktørar som passar godt saman aktivitetsmessig, og som utfyller kvarandre på kompetansesida. Dette vil verte ein aktør som skal vinne nye kundar og skape lønnsemd for eigarane og som igjen vil trygge arbeidsplassane, seier administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun.

Fjord1 hadde fleire interessentar i salsrunden, og valde Firda Billag på grunnlag av eit godt økonomisk tilbod, vilje til å satse på gods transport og nytte Fjord1 sin kompetanse i denne satsinga. Konsernsjef Leif Øverland i Fjord1 er nøgd med løysinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland.

NØGD MED LØYSINGA: Konsernsjef Leif Øverland i Fjord1.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Konkurransesituasjonen på godsområdet vil auke. Fjord1 må satse sine ressursar der dei kan lykkast best. Vi er glade på vegne av våre medarbeidarar at Fjord1 Transport får ein eigar som vil satse betydelege ressursar på å vidareutvikle selskapet, seier Øverland i pressemeldinga.

Ser fram til vidareutvikling

Administrerande direktør i Fjord1 Transport, Lars Elling Bjåstad, er oppteken av at selskapet no får ei ny trygg hamn der hovudfokuset vert vidareutvikling av godsaktiviteten med utgangspunkt på Vestlandet.

- Vi ser at det opnar seg store moglegheiter for samkøyring, som gjer at vi kan bli meir kostnadseffektive. Vi ser fram til å vidareutvikle oss i lag med Firda Billag for å bli ein stor og tung aktør i marknaden, seier Bjåstad.

Firda billag

KJØPER OPP: Rutebilstasjonen til Firda Billag i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK