Hopp til innhold

– No kjem heile taket, no døyr eg!

Eitt av dei største rasa i Noreg si historie krevde 45 menneskeliv. Fram til for ti år sidan var det nesten ingen som hadde høyrt om det. Her er dei sterke historiene.

Minnestein for dei 45 omkomne i Nese 1811

MINNESTEIN: Eitt av dei største skreda i Noreg si historie krevde 45 menneskeliv. 45 steinar frå raset står att til minne om dei omkomne.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Året er 1811. Klokka eitt på natta går fire unge jenter heim for å legge seg i kvart sitt hjørne på ein fjøslem på loftet i huset.

Jentene har vore på adventsfest i den vesle bygda Nese i Vik i Sogn. Det er ei bekmørk natt til 2. desember, og svevnen trengjer seg på.

Plutseleg buldrar det utanfor veggane. Huset startar å riste, og eine jenta ser taket over seg kome mot henne og gaular:

– No kjem heile taket, no døyr eg!

Taket fell over henne med eit voldsomt brak, og ho døyr. Dei tre andre jentene i dei andre hjørna er fastklemde, men overlever.

Utsletta nesten heile bygda

Modell av raset i 1811

HER GÅR RASET: Modell av korleis raset delte seg i to armar og trefte nøyaktig dei to klyngjetuna i Nese.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

På Nese budde der 61 personar i 1811. 45 av dei omkom.

Raset er rekna som eitt av dei største i Noreg si historie. Det utsletta nesten ein heil generasjon.

Det var flest born og unge som overlevde. Born brukte ofte å sove på loft og fjøslemmar, slik som dei fire jentene som hadde vore på adventsfest. Dei som var ein ekstra etasje oppe var ikkje så utsette for å bli drepne av raset som dei som budde på bakkenivå.

HØYR RADIOSAKA HER:

Reporter Maria Pile Svåsand

Trudde det var trygt

Bygdefolket som hadde busett seg på Nese i Sogn for over 200 år sidan, var klare over at det ofte gjekk skred og steinsprang i området.

Tilflyttarane var taktiske, og valde å byggje hus i to område det aldri hadde gått skred i tidlegare. Det som utvikla seg til å bli klyngjetun med om lag seksti hus fordelt over to tun, var dei tryggaste stadene å vere.

Heilt til 2. desember 1811.

Folk i bygda hadde lagt seg, og freden hadde roa seg etter adventsfesten.

Det hadde regna tett i nær to år. Jorda var laus og våt. Det starta som eit lite skred på toppen av fjellet, men drog med seg alt på sin veg og veks seg stort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her treff skredet den vesle bygda

NØYAKTIG TREFF: Her viser ein modell korleis raset delte seg i to og trefte akkurat der det budde folk.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

På veg nedover fylgde enorme mengder gjørme, stein, snø og vatn. Skredet delte seg i to armar – som for å sikte seg inn på dei to klyngjetuna.

Sterke historiar

Eit foreldrepar og tre born budde i eit hus med skorstein. Då raset kom brasande nedover fjellsida og ned på tunet, blei skorsteinen velta og delar av huset blei knust. Dei fleste husa ikring forsvann heilt.

Begge foreldra omkom, og dei tre borna overlevde.

Ofte kom det tilreisande for å arbeide på gardane. Ei fattig husmannskone frå Lærdal reiste til Nese saman med sonen sin for «arbeid og brød» som det heitte.

Dei to kom aldri heim til Lærdal.

Segla på senga med raset

Ei jente hadde nett lagt seg. Utan forvarsel kom skredet brasande inn i huset og inn på soverommet, og røska med seg senga. Jenta heldt seg fast i sengestolpane, og blei med då raset slengde senga ut av huset.

Ho tviheldt på sengestolpane, og senga flaut på skredmassene 500 meter i full fart nedover mot kyrkja.

Henta frå Sorenskrivaren i Sogn 1812

Senga, med jenta oppi, stoppa opp idet sengestolpen grov seg ned i fast mark rett ved kyrkja. Jenta overlevde, og kunne reise seg opp og spasere over rasmassene til tørt land.

Gravlagde i massegrav

Minnestein for dei 45 omkomne i Nese 1811

MINNESTEIN: Berre fjorten av dei 45 omkomne blei funne att og gravlagde. 45 steinar frå raset står att til minne om alle.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Fjorten av dei 45 omkomne blei funne att. Dei fleste blei funne tidleg, og gravlagde i ei massegrav seks dagar etter raset. 31 av dei omkomne såg dei aldri att.

Folk var med for å grave og leite etter folk etter raset og gravlegginga. Mellom anna fann dei att eitt av dei husa som blei truffe, men som ikkje hadde forsvunne. Der fann dei endå fleire omkomne.

Kyr funne 3 mil unna

Etter raset blei tømmer, spann og eigendelar funne att langt ut på fjorden. 3 mil ute langs fjorden, på Vangsnes, blei det funne ein lødevegg.

Fastbotten til lødeveggen var ei kyr. Lødeveggen, med kyra festa til seg, blei teken av raset, ført utover fjorden, og funne att heilt på andre sida.

Korleis veit vi dette?

Årsaka til at vi no får høyre alle desse historiene, er eldsjela Jon Nese. For ti år sidan ville han gjere noko med at nesten ingen hadde høyrt om det fatale raset som skjedde i 1811.

Han starta å grave. No, ti år seinare han starta å finne vitnemål frå hendinga, har han og historikar Astor Furseth samla nedskrivne historier for å opplyse folk om kva som skjedde i Nese i 1811.

Jon Nese

HAR LEITA: Jon Nese har gjort ein enorm jobb for å grave fram informasjon om raset som gjekk for 200 år sidan.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dei fekk fatt i gamle papir frå sorenskrivaren i Ytre Sogn. Dei bladde i kyrkjebøker for å finne namn og nedskrive materiale om kven som omkom, kven dei var, og kvar dei kom ifrå.

– Vi har gått gjennom gamle papir og bøker, eg har kopi av det sorenskrivaren i 1812 skreiv ned i penn, og der har eg funne desse vitnemåla om den fatale natta, fortel Nese.

Markering i skredbuda

– Vi har arbeidd lenge med å få tak i opplysningar om kva som hadde skjedd, og kjende trongen til å markere hendinga på eit vis, fortel Jon Nese.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skredbuda i Nese

SJØLVBYGD: Jon Nese og sambygdingar har bygd denne skredbuda til minne om offera for skredet i 1811. Nøyaktig 200 år etter dødsraset var det minnemarkering her inne.

Foto: Maria Pile Svåsand / NRK

Nese og Furseth har bygd ein modell av bygda slik den såg ut då skredet kom. for å lage den har dei brukt eit kart, og brukt lang tid på pirkete nøyaktigheitsarbeid.

I dag er det ingenting som vitnar om det fatale skredet som nesten utsletta ei heil bygd. Det ligg mellom 1,5 til 2 meter skredjord oppå den gamle dyrka marka i bygda.

Der raset gjekk står det no 45 store steinar som kom med skredet. Dette er minnesteinar som representerer kvar av dei som omkom.

I natt mellom klokka 01.00 og 02.00 samla Nese til ei minnemarkering i skredbua som han og sambygdingar har bygd frå grunnen av.

Nøyaktig 200 år etter, på nøyaktig same staden.

Minnest raset

FRÅ SAMLINGA I NATT: Ordførar Marta Finden Halset var ein av fleire som tok turen til skredbua i natt.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK