Hopp til innhold

Hetebølge i Vest-Europa: – Ein skal ikkje sjå vekk frå at det kan bli 25 grader i Bergen

Vest i Europa førebur dei seg på ei hetebølge. Her i Noreg hastar det likevel ikkje med å installere luftkjøling.

3Slnl-bZv6A

VARME: Sommaren kjem på ein snarvisitt i veka som kjem.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

40 grader celsius. Det er prognosen meteorologane har for fleire stadar i Storbritannia for helga som kjem.

Når våre naboar i vest opplever slike temperaturar skulle ein jo trudd at noko av varmen også kunne smitta over til oss.

Det vil den også til ein viss grad gjere. I alle fall i enkelte delar av landet.

Men vi må nok likevel sjå langt etter like varmt vêr som det britane no skal få servert, sjølv om den varme lufta vil sneie innom Sør- og Austlandet.

– For å kalle noko hetebølge må det vere over 28 grader i fem dagar i strekk. Det vil ein ikkje oppleve her, seier Bente Wahl, statsmeteorolog i Meteorologisk institutt.

Utklipp meteorologisk institutt

Storbritannia vil oppleve temperaturar opp mot 40 grader. I Noreg vil vi merke litt av dette.

Foto: Meteorologisk Institutt / Skjermdump Twitter

Varmast i sør og i aust

Utover neste veke vil det likevel bli ein smule varmare. På Sør- og Austlandet vil ein kunne oppleve temperaturar som luktar på 30 grader.

Dette er varmare enn det ein har opplevd mange stadar i det siste, men meteorolog Wahl påpeiker at dette ikkje er noko utanom det vanlege.

– Nei, 25–28 grader er jo eigentleg ikkje så varmt til å vere sommar, fortel ho.

Temperaturane i byar som Oslo og Kristiansand vil gradvis stige frå og med helga og fortsette utover i veka som kjem.

Men også vestlendingane kan vente seg noko godt nytt etter lengre periodar med regn.

Til veka kan det hende at ein kan pakke vekk gummistøvlane i eit par dagar.

– Ein skal ikkje sjå vekk frå at det kan bli 25 grader også i Bergen neste torsdag, seier Wahl.

Smilende Bente Wahl foran datamaskinen

Statsmeteorolog i Meteorologisk institutt, Bente Wahl, lovar varmare vêr for dei som bur i Sør- og Aust-Noreg i tida som kjem.

Foto: MAGNE VELLE

Skogbrannfare i søraust

Allereie dei siste dagane har varmen merkast på enkelte stadar i Noreg. Tidlegare i veka blei det sendt ut farevarsling for skogbrann for Telemark og austlege delar av Agder.

Statsmeteorologen påpeiker at det framleis er ei stund til neste veke, så ingenting er sett i stein. Men diverre vil varmen som kjem truleg ikkje bli verande.

– Det er ikkje slik at det byggjer seg opp eit høgtrykk, så varmen er forbigåande. Det vil ikkje gå veldig fort og det er ikkje kjempestore endringar, seier ho.