Hest redda opp av elv

Klokka 23.25 rykte brannvesenet ut til Askøy etter melding om ein hest som stod fast i ei elv i Kvernhusdalen på Kleppestø. Ein halvtime seinare varsla 110-sentralen at hesten var komen opp på land, og blei tilsett av ein veterinær. – Hesten hadde vatn opp til over baken og stod fast. Han var stressa ei stund, men var uskadd etter aksjonen, seier vaktkommandør Helge Lund.