Hopp til innhold

To koronasmitta gjester var innom – kommunen bad aldri om gjestelista

BERGEN SENTRUM (NRK): Utelivsaktør reagerer på at kommunen aldri tok kontakt etter at to gjester fekk påvist koronasmitte.

Pingvinen i Bergen

BA IKKJE OM GJESTELISTA: To personar som var innom den populære spisestaden Pingvinen i Bergen for om lag ein månad sidan, fekk seinare påvist koronaviruset. Gjestene som var der samtidig, er ikkje informert.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

For om lag ein månad sidan var to personar innom den populære spisestaden Pingvinen midt i sentrum av Bergen.

Dei to personane testa seinare positivt på korona, noko som gjorde at restauranten måtte halde stengt i ei vekes tid.

Smittevernkontoret bad ikkje om gjestelista etter at besøkjande i restauranten fekk påvist koronasmitte.

Dermed er ikkje gjestane som var i lokalet samtidig, varsla.

– På kanten

Pingvinen er ein del av Engengruppen, som er kritisk til smittesporinga som er gjort etter at det vart oppdaga smitte hos dei.

– Dei sa at det ikkje var nødvendig å få gjestelista i første omgang. Det synest eg er rart, dei burde vore meir aktive, seier leiar Erkan Mutlu i Engengruppen.

Smittevernkontoret skal ha bedt dei ta kontakt igjen om dei fekk informasjon om fleire gjester med symptom.

Pingvinen har heller ikkje kontakta gjestane som var innom spisestaden samtidig som dei smitta.

– Vi driv med servering, vi er ikkje helsespesialistar. Eg synest det er på kanten at vi skal ringe rundt for å opplyse om smitten og spørje gjestene våre om dei kjenner symptom.

Dei har derimot informert om smittetilfellet gjennom sosiale medium.

Gjesteliste Pingvinen

SLUTTA: Fleire av serveringsstadane som Engengruppen administrer har slutta å registrere gjestene som er innom.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Slutta med registrering

– Når to personar testar positivt, skulle ein jo tru at kommunen ville følge opp, seier dagleg leiar Yngve Årsnes Flatøy på Pingvinen.

Engengruppen administrerer serveringsstadene Pingvinen, Café Opera, teaterbaren DNS og Amalies Hage i Bergen Offentlege Bibliotek.

No har fleire av serveringsstadane slutta å registrere gjestane som er innom, opplyser Mutlu.

Kommunen valde i slutten av september å ikkje forlenge den lokale smittevernforskrifta.

Byrådet har likevel oppmoda alle utestadar i Bergen om å halde fram med å føre gjestelister.

Hell i uhell

Det var ein tilsett og ein tidlegare tilsett ved Amalies Hage som var innom Pingvinen for om lag to veker sidan, og seinare fekk påvist koronasmitte.

Nokon av dei tilsette ved Pingvinen sat rundt same bord som dei smitta, og blei pålagt karantene. Det var også bakgrunnen for at restauranten måtte stenge.

Ingen av nærkontaktane skal heller ha blitt smitta.

Pingvinen var heldige med at dei smitta var innom på eit tidspunkt kor det nesten ikkje var folk i lokalet, meiner Flatøy.

Smitten blei først oppdaga nokre dagar etter at dei to hadde vore innom. Spisestaden valde då å halde stengt fram til smittesituasjonen var avklart.

– Det er klart ein merkar godt når ein må stengje i ei veke, seier Flatøy.

Martha Blokhus, ansatt på Pingvinen

HØYRDE INGENTING: Servitør Martha Blokhus på Pingvinen seier dei tilsette reagerte på at dei aldri høyrde noko frå kommunen då det oppstod smitte på restauranten.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Ikkje tilstrekkeleg

Leder for Helsevernenheten Tore-André Gram-Knutsen i Bergen kommune meiner det ikkje er nødvendig å kontakte alle gjestane etter at smitta har vore innom ein utestad.

– Dersom smittevernreglane blir overhaldt skal det ikkje vere nødvendig. Dersom vi derimot får grunn til å tru at gjestane likevel har vore eksponert for smitte, vil vi be om gjestelista. Dette er ein konkret vurdering av smittesituasjonen i kvart enkelt tilfelle.

Han bekreftar at dei i nokre tilfelle likevel ber utestadar om å sjølv kontakte gjestane.

– I nokre tilfelle oppfordrar vi utestaden til å vurdere å kontakte gjestane på lista. Det er altså ikkje noko vi normalt pålegg utestaden. Dersom vi vurderer smittesituasjonen på staden som alvorleg nok, vil vi be om lista og kontakte gjestane sjølv.

– Vi vurderte ikkje at utestaden hadde spilt ein rolle i et større utbrott, seier Knutsen.

Leiar for smittevernkontoret i Bergen kommune, Egil Kaberuka-Nielsen, seier at han ikkje kjenner til kva slags vurderingar som blei gjort i den konkrete saka.

– Eg tenkjer det er veldig viktig at kommunen får slike tilbakemeldingar, slik at vi kan betre våre rutinar opp mot uteplassane, seier han.

 Egil Kaberuka-Nielsen

VIKTIG: Eg tenkjer det er veldig viktig at kommunen får slike tilbakemeldingar, slik at vi kan betre våre rutinar opp mot uteplassane, seier leiar for smittevernkontoret i Bergen kommune, Egil Kaberuka-Nielsen.

Foto: Valentina Baisotti