På 1100 meters høgde ligg fastlands-Noregs største nasjonalpark.
Hardangervidda husar nokre av dei sørlegaste arktiske artane våre, og er eit populært turområde.
Men ved inngangen til nasjonalparken slår idyllen sprekker.
– Ver litt obs på kvar du trakkar, seier leiar i Noregs Miljøvernforbund, Ruben Oddekalv.
Han visar fram kloakken som renn ned mot vatnet Halnefjorden på Hardangervidda.
Det kjem frå Halne fjellstugu rett over vegen, som ikkje har fungerande reinseanlegg for kloakk. Sjølv på ein vindfull og kjølig dag som denne, kjenner ein stanken til parkeringsplassen.
– Du kan tenka deg korleis det er når det er heilt stille, seier Oddekalv og pirkar i det med ein pinne for å frigjera litt lukt.
HARDANGERVIDDA: Eit pågåande sanitærutslepp renn ut i Halnefjorden ved inngangen til fastlands-Noregs største nasjonalpark.
Foto: Lidvard Sandven / NRKBlei varsla i 2019
Det er Eidfjord kommune som står som forureiningsmyndigheit, og vart varsla om utsleppet hausten 2019. Oddekalv meiner prosessen har gått altfor seint.
Etter fleire tips reiste miljøvernaren sjølv opp på synfaring i sommar. Han kallar funna sjokkerande og meiner det er alvorleg at kommunen ikkje har tatt grep.
– Her har ikkje kommunen vore sitt ansvar bevisst. Dei sit med ansvaret viss nokon drikk dette og vert sjuke, seier Oddekalv.
Eidfjord har gjort prøvar av vatnet, som viste at det ikkje var trygt å drikka vatnet i nærleiken av utsleppet.
Leiaren i Miljøvernforbundet meiner kommunen burde sett opp skilt for å åtvara mot slikt.
– Folk drikk frå fjellvatn og dei badar her. Eg synes dette er skikkeleg, skikkeleg ugreit. Folk tar hand om kloakken sin. Det er ikkje noko diskusjonstema lenger.
Utsette fristar
Då kommunen vart varsla i 2019, gav dei fjellstova ein frist på å ordne opp i reinseanlegget til juni 2020. Då koronapandemien kom, vart denne fristen utsett eit år til.
Den nye fristen for at eit nytt fungerande system skal vera på plass, er 1. november 2021.
– Byggesøknaden er klar, men me ventar på eit endeleg verneforskrifta frå statsforvaltaren, seier ordførar i Eidfjord, Anders Vatle (Sp).
Verneforskrifta for Hardangervidda Nasjonalpark seier at landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, men at forvaltingsstyresmakta kan gje løyve til unntak.
KLOAKK: I området over Halnefjorden renn det kloakk.
Foto: Lidvard Sandven / NRKDet gjer at den byråkratiske prosessen ofte tek lenger tid enn vanleg. Vatle seier dette er ein sak kommunen granskar nøye.
– Me har vore på tre synfaringar berre i år, og me følgjer det tett opp, seier Vatle.
– Kva tenker du om at det renn kloakk ut i eit slikt naturområde?
– Det er jo ikkje bra at det har fått utvikla seg, men me opplever at me har eit vertskap som ynskjer å ta tak, seier Vatle.
– Dei har hatt moglegheita
Lange vintrar og vanskeleg tilkomst er blant årsakene til at det har teke tid å utbetra kloakkanlegget. Difor må arbeidet skje om sommaren.
På grunn av mellom anna den økonomiske driftssituasjonen og den pågåande planlegginga av det nye reinseanlegget blei fristen for ferdigstilling av kloakkanlegget sett til 1. juli i år.
Først dagen før, 30. juni, søkte Halne Fjellstugu om utsetting. Nokre veker etterpå innviliga kommunen søknaden.
Oddekalv er lite imponert over kommunen sitt svar. Han meiner vedtaket burde gjerast ugyldig.
HALNEKONGEN: Båten Halnekongen fraktar turistar over Halnefjorden om lag 30 meter frå utsleppsområdet.
Foto: Lidvard Sandven / NRK– Kva tid er det betre å fiksa noko på ei turisthytte enn når dei ikkje har turistar? Dei har faktisk hatt moglegheita heile vegen, hevdar Oddekalv.
NRK har over tid forsøkt å få ein kommentar frå eigaren av Halne Fjellstugu. Eigaren ynskjer ikkje stilla til intervju, men seier at han har følgd styresmaktene sine pålegg, og jobbar for å få orden på anlegget.