Hopp til innhold

Med sirleg hand vert kalkmåleria av Moses pussa fram på kyrkjeveggen

Bak eit tynt lag med kvitt lim pussar dei fram det som er unike kunstmåleri frå mellomalderen. Restaureringa av Kvamsøy kyrkje er no i full gang.

Her pussar dei fram Moses på veggen i Kvamsøy kyrkje

LITT ETTER LITT: Med små skraper vert kalkmåleria frå mellomalderen pussa fram på kyrkjeveggene i Kvamsøy kyrkje.

Foto: Hilde Anita Røryvik / NRK

Den vesle kyrkja i Balestrand har stått urørt dei siste hundre åra, noko den er sterkt prega av. Både innvendig og utvendig er kyrkja for alvor i ferd med å forfalle. No er ein i ferd med å snu utviklinga.

Kunsten og arkitekturen i mellomalderkyrkja frå 1600-talet er unik. No skal kalkmåleria fram i lyset.

– Slik veggane er i dag ser ein små kikkehull overalt. Bak det kvite limet er det unike kalkmåleri som vi no arbeider med å få fram, seier prosjektleiar for restaureringa, Hilde Viker Berntsen frå Norsk institutt for kulturminneforsking (Niku).

Ho seier kyrkja var ei praktkyrkje i si tid. Moses med horn er blant kalkmåleria som er i ferd med å bli avdekka på veggane i kyrkja i Balestrand.

Nesten som ein arbeidsplass

Dei fire konservatorane frå Niku har forvandla kyrkjerommet til det som nærast ser ut som ein arbeidsplass. Fleire oppstilte stillas, verktøy og støv overalt er det som møter ein inne i kyrkja.

– Det ser gjerne ikkje så praktfullt ut no, men den treng berre ei kjærleg hand først, seier Viker Bertnsen.

Kalkmåleria som bit for bit vert pussa fram på veggane stammar frå to periodar på 1600-talet. Dei er av høg nasjonal verdi fordi det er svært få bevarte kalkmåleri i norske middelalderkyrkjer.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeider med å pusse fram kalkmåleri i Kvamsøy kyrkje

KREVJANDE: Overflata er sliten og sårbar og det er ikkje berre, berre å få fram dei gamle kalkmåleria.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / NRK

Fekk 570 000 av Riksantikvaren

Det finst om lag 150 steinkyrkjer frå mellomalderen i Norge. Nokre av dei har kalkmåleri, men mange er allereie øydelagde.

Dette gjer at Riksantikvaren har gitt 570 000 kroner til arbeidet med å berge kalkmåleria i Kvamsøy kyrkje, fortel fungerande avdelingsdirektør Iver Schonhowd.

– Kvamsøy kyrkje er ei viktig kyrkje fordi den har ein fin dekor som vi vil bevare. Mellomalderen er eit av prioriteringsområde når det gjeld bevaring av interiør og kunst, seier Schonhowd.

– Eit veldig verdifullt kyrkjerom

Malerikonservator Brit Heggen Haugen er blant dei som sit på kne og pussar med sirleg hand.

– Eg prøver å få fram kalkmåleria, og må då fjerne litt og litt av den kvite limfargen. Det er ein tidkrevjande jobb, for overflata er så sliten og sårbar. Dessverre er mykje av dekoren øydelagt, seier Heggen Haugen.

Sjølv om overflatene og kalkmåleria er gamle, så skal dei i den grad det er mogleg bevarast.

– Det er få kyrkjebygg som har fått stå så urørte, så dette er eit veldig verdifullt kyrkjerom, seier Viker Bertnsen.

Kvamsøy kyrkje i Balestrand

FORFELL: Kvamsøy kyrkje i Balestrand har stått urørt lenge, og dette ber kyrkja preg av både inne og ute.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / NRK